annonse

Fleire søkjer vidaregåande opplæring

Auke
Auke: Sofie Hjelmen (f.v.), Jonas Torvund Midtsæter, Celine Borup, og Jens Øien Kloster på Rimbareid skule er blant elevane som skal over på vidaregånde utdanning. (Foto: Henrik Mundal Andreassen)

  • Leiar

Det er ein markert auke i søkinga til dei 33 vidaregåande skulane til Hordaland fylkeskommune. 18.995 elevar har søkt plass for neste skuleår, ein auke på 361 elevar frå i fjor. Både dei tilsette i opplæringsavdelinga i fylket, og fylkesordførar Anne Gine Hestetun, er godt nøgde med tala, og meiner det er eit teikn på at elevane er nøgde med tilbodet, og at dei vidaregåande skulane har flinke tilsette med god kompetanse.

Populære fag som har fin framgang i søkinga er helse- og oppvekstfag, service og samferdsel, teknikk og industriell produksjon (TIP), og studiespesialisering. Helse og oppvekst har hatt auke i søkinga over fleire år og passerer no 1.100 søkjarar til vg1. Dette er det nest største studiet etter studiespesialisering, som aukar med 114 til 2.554 søkjarar. TIP aukar med 70 til 658 søkjarar, og service og samferdsel med 43 til 294 søkjarar.

Les også: Vidaregåande er populært i Fitjar

Talet på søkjarar til elektro går ned. Sjølv om det er fin auke til TIP, er søkjartalet likevel mindre enn i både 2015 og 2016. Det er litt urovekkjande no når industrien langs kysten er på god veg opp av bølgjedalen att. Her har næringslivet ein jobb å gjera for å få ungdommen til å tru på desse elementære yrkesfaga att.

Lokalt er det berre søkjartalet til Stord vgs. som går ned, men dette går ofte i bølgjedalar, og den desidert største vidaregåande skulen i Sunnhordland har sikkert ikkje problem med å få nok elevar. Då vil me heller nytta høvet til å gratulera, og ikkje minst gleda oss over at dei to minste skulane, som også ofte står på kuttlistene når fylkespolitikarane skal vurdera skuletilbodet, Rubbestadneset og Fitjar, har stor prosentvis auke i søkjartalet. Dette er eit bevis på at dette er skular med gode tilbod, god kvalitet, og som bør ha livets rett i mange år til.

Les også: Aukande interesse for helsefag

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut