annonse

Forventa heilomvending

Snudde
Snudde: Skyss gjer heilomvending og tilbyr no elevar gratis skuleskyss. (Foto: Henrik Mundal Andreassen)

  • Leiar

Denne veka blei det klart at fylket snur og gir ungdom frå Rommetveit og Sagvåg gratis skuleskyss. Elevane kan også få betalt tilbake utgifter dei har hatt til ungdomskort etter skulestart i haust. Kuvendinga er ikkje uventa. Som Sunnhordland skreiv allereie 4. september, så har Skyss sett bort frå kravet som Fylkesmannen i Hordaland har sett i samband med dispensasjon. Her står det i klartekst at «eit kollektivtilbod som berre varer fram til klokka 21 eller kortare i helgene ikkje stettar krava i forskrifta.»

Å gå på skule i Norge skal vera gratis. Opplæringslova seier at elevar som bur meir enn seks kilometer frå skulen har rett til gratis skuleskyss eller full skyssgodtgjersle. Så har ein sett at ungdom har behov for å bruka kollektivtransport for å delta på fritidsaktivitetar, og ein har oppretta ordningar med ungdomskort som ungdommen kan bruke både til skulen og på fritida.

Les også: Maria (16) blant elevane som får gratis skuleskyss

I 2002 oppretta Hordaland si ungdomskort-ordning og søkte dåverande Utdannings- og forskingsdepartement om dispensasjon for reglane for gratis skyss i område med godt utbygd kollektivtransport. Her slår departementet fast at eit rutetilbod som sluttar å gå før klokka 21 i helgene ikkje er godt nok. I 2005 innførte fylket tvungen samordning av ungdomskortet og skuleskyss for å spare pengar og styrkja kollektivtransporten. Då fylkesrevisjonen reviderte ordninga i 2006, testa dei bussruter mellom anna på Moster for å sjekka om det faktisk var busstilbod til klokka 21 alle dagar. Fylkesmannen har i haust presisert overfor Skyss at dei ikkje har endra si tolking av reglane sidan 2002.

Sigbjørn Framnes: – Uheldig handtering 

Skyss har aldri i løpet av to månadar med avisoppslag argumentert for at dei meiner at busstilbodet til Sagvåg og Rommetveit oppfyller kravet om avgangar i helgene. Dei veit at det ikkje stemmer. Difor er ikkje meldinga om å reversere ordninga uventa. No blir det spanande og sjå om Skyss har brukt same «liberale» regeltolking andre stader. Det er ingen tvil om at ungdomskort kan vera eit godt tilbod dersom du bur ein stad der du kan bruka kortet slik det er meint. Men når bussen sluttar å gå klokka 15.30 er saka annleis. Det meiner ungdommane. Det meiner departementet, og det meiner me.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut