annonse

Frå luftslott til undergang

Fram og tilbake
Fram og tilbake: Gleda var stor blant naboar då ein på tampen av 2016 fekk melding om at Statens vegvesen hadde store trafikksikringsplanar som skulle gjennomførast allereie våren 2017. No har Statens vegvesen forkasta dei storslegne planane. (Foto: Arkiv)

  • Leiar

Tryggleiken i Førlandskrysset har vore tema i avisspaltene i ei årrekkje. Fartsgrensa på staden er 80 kilometer i timen, og mange køyrer fortare. Bebuarane i området har vore uroa for fotgjengarar som må springa over europavegen. Manglande ventefelt for trafikk som kjem frå sør og skal til Fjellgardane, skapar farlege situasjonar.

Gleda var difor stor blant naboar då ein på tampen av 2016 fekk melding om at Statens vegvesen hadde store trafikksikringsplanar som skulle gjennomførast allereie våren 2017. Vegvesenet ville leggja trafikken mot Fjellgardane i ei sløyfe mot Rommetveit og under E39. Statens vegvesen meinte den gong at planane skulle realiserast innanfor ti millionar kroner.

No er reknestykket endra. Etter å ha jobba med skissene og løyst ut grunneigarar, har Statens vegvesen forkasta dei storslegne planane. Me skriv i dagens avis at ein berre klarar å få på plass ein undergang for syklande og gåande i same trasé som ein opphavleg også ville ha biltrafikken.

– Me ser ikkje på sjølve krysset som trafikkfarleg. Slik me vurderer det, er det gang- og sykkeltrafikken til og frå skulane som er det heilt klart viktigaste, seier prosjektleiar Bernt Herland. Han peiker på større utgifter til Litlabø-krysset som éi av årsakene til at pengane ikkje strekte til.

Me er glad for at det blir tryggare for dei mjuke trafikantane, men i dei reviderte planane er det ikkje ventefil frå sør. Dermed vil bilane framleis stå midt i vegen når ferjetrafikken kjem frå nord. Me trur ikkje naboar og brukarar er einige i vurderinga av at dette ikkje er trafikkfarleg. Det er heller ikkje me.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut