annonse

Fremst i verda

Lading
Framtid: No er tida inne for å hausta fruktene av det avanserte og høgteknologiske arbeidet som er gjort med utgangspunkt på Heiane, skriv Sunnhordland på leiarplass. (Foto: Anders Totland)

  • Leiar

MF «Folgefonn» er den første ferja i verda som ladar batteria sine trådlaust. Den nye løysinga gjer at hybridferja i Sunnhordland startar ladinga i det sekundet ho har lagt til kai i Jektavik. Her trengst det ingen kablar og is og snø skal ikkje vera noko problem. Så lenge ladeplata på land og ladeplata på ferja er maks ein halvmeter frå kvarandre, ladar ferja seg trådlaust opp til ein ny tur over fjorden.

Nyvinninga med elektriske ferjer har ikkje vore problemfritt. Både over Langenuen og på eit anna ferjesamband, E39 Lavik-Oppedal i Sogn og Fjordane, har det vore ein del driftsproblem som følgje av elektrifiseringa. Men med det nye ladesystemet på Jektavik meiner Wärtsilä og samarbeidspartnarane at dei har funne ei driftssikker løysing for framtida.

Hordaland fylkeskommune er eit føregangsfylke når det gjeld miljøvennleg ferjedrift, og har stilt ekstra strenge miljøkrav til fleire av ferjesambanda som får nye kontraktar frå og med 2019 og 2020. Dei nye krava inneber mellom anna ein omfattande reduksjon i CO-utslepp, forbruk av drivstoff og energibruk. Dei ulike reiarlaga som har fått kontraktane kjem difor til å leggje opp til meir eller mindre elektriske løysingar.

Dermed kan me trygt slå fast at Hordaland og det lokale næringslivet er blant dei fremste i verda på miljøvennleg ferjedrift. Det er noko å ta med seg, og noko å vera stolte over. Mykje pengar og frustrasjonar har sikkert vore brukt i utviklingsfasen. No er tida inne for å hausta fruktene av det avanserte og høgteknologiske arbeidet som er gjort med utgangspunkt på Heiane.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut