annonse

Godt nytt år!

TAKK FOR DET GAMLE:
TAKK FOR DET GAMLE: Sunnhordland ønskjer alle sine lesarar eit godt nytt år. (Foto: MARIUS KNUTSEN/ARKIV)

  • Leiar

Me har om kort tid lagt bak oss 2018, eit år der framgangen i Sunnhordland har halde fram. Arbeidsløysa er no nede i 1,9 prosent i desember, ein nedgang på heile 24 prosent frå tilsvarande periode i fjor, og som no er på eit nivå som me må tilbake til 2015 for å finna maken til. Denne framgangen er venta å halda fram i 2019, noko som er positivt for både lokalsamfunn og region.

Å leva og bu i Norge er eit privilegium, og likskapstanken står framleis sterkt. Det sikrar at ein ikkje ramlar heilt utanføre ved sjukdom, arbeidsløyse, og at ikkje lommeboka bestemmer om ein får tilgang til helsetenester t.d. Politikarar likar å skryta av kven som har æra, men den store skilnaden mellom dei åtte åra med raudgrøn regjering og dei siste med borgarleg regjering trur eg dei fleste vil slita med å finna.

Likevel, om ein løftar blikket ut av Norge, er det ein god del tendensar i Europa som ein må vera på vakt for. Wall Street Journal har ein analyse, ifølgje Aftenposten, som peiker på fleire årsaker til det dei kallar den europeiske krise med Brexit, Sverige utan regjering etter valet, demonstrasjonar i Frankrike og store fall for tradisjonelle parti i Tyskland. I Europa vert både innvandringsskepsis, eliten mot folket, og skepsis mot eurosamarbeidet løfta fram som problemstillingar. Norske forskarar peikar på mange har mista trua på demokratiet, og at dei ikkje føler seg høyrde.

Utviklinga gjev grobotn for krefter me slett ikkje vil ha, og er noko me alle må på ta alvor. Me i lokalpressa skal halda fram med å gje kunnskap og innsikt også i 2019, og sikra at du som lesar forstår meir av det samfunnet du lev i. Godt nytt år!

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut