annonse

Godt nytt frå Nav

Rett veg
Rett veg: Nav har stor tru på at arbeidsløysa skal haldra fram med å falla i 2018. Her ser me Astrid K. Østerlid og Sindre Vikanes i Nav Sunnhordland. (Foto: Olav Røli)

  • Leiar

Arbeidsløysa fell som ein stein i 2017. Nav trur på framleis fall i 2018. Tal viser at det var ein nedgang på arbeidslause mellom november 2016 og november 2017 med heile 34 prosent. No er 2,4 prosent av arbeidsstyrken i Sunnhordland ledige. Ein skal ikkje mange år tilbake i tid før Stord var på norgestoppen i arbeidsledige i prosent.

– Ein skal vera forsiktige med å spå, og det er vanskeleg å seia noko sikkert. Men me trur at arbeidsløysa vil halda fram med å gå ned i Sunnhordland i året som ligg føre oss, seier marknadskoordinator Sindre Vikanes i Nav Sunnhordland. Han viser til at verksemdene er meir positive no, det har komme nye kontraktar som påverkar leverandørindustrien. Dessutan er det oppgang innan bygg og anlegg, og fleire store prosjekt er på gang. Alt dette verkar inn på optimismen.

Nav baserer sine spådomar om arbeidsmarknaden for 2018 på forskjellige undersøkingar. Mellom anna har både Vestlandsindeksen, SSB, Nordea Markets, Sparebank 1 SR-Bank sitt konjunkturbarometer og Stord næringsråd si bedriftsundersøking gjeve positive signal om 2018. Dette fortalde Nav på ein pressekonferanse på fredag. Det er ikkje kvar dag Nav inviterer pressa inn, og nedgangen i arbeidsløysa var ikkje den einaste positive nyheita den lokale Nav-leiinga kom med.

Nav på Stord er nemleg eitt av tre kontor i Hordaland med eigne folk som skal sikra at ledige kjem tilbake i jobb. Om kort tid er fire personar på plass i jobbspesialistteamet, som skal følgja opp ledige på Stord, Fitjar og Bømlo. Dette er eit kjærkomme og positivt tiltak, som sikrar betre oppfølging både av folk som vil ut att i jobb og verksemdene.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut