annonse

Gummiavfall er eit naturproblem

Forskarar
Forskarar: Oline Koppang Skartland, William Vattn Endresen, Thale Haga Haugvik og dei andre elevane på Langeland skule er med på eit viktig prosjekt. (Foto: Henrik Mundal Andreassen)

  • Leiar

Kven har ikkje opplevd at det ligg små gummikuler på trappa, i gangen eller i kjellaren? Før drog ungane med seg gras heim frå fotballtrening. No er det gummikuler som gjeld. Langeland skule er med på eit nasjonalt miljøprosjekt der ein forskar på gummiknottar på kunstgrasbanar. Gummiknottane held seg nemleg ikkje berre på banen, men følgjer med i sko og sokkar, i tillegg til at dei kjem ned i kummar og avløp.

Gummiknottane, eller såkalla granulat, kjem frå bildekk, og har blitt eit miljøproblem. Så stort at Miljødirektoratet tidlegare i år varsla at det er aktuelt å vurdera eit forbod mot dette dersom det finst gode alternativ. Kunstgrasbanene er ei stor kjelde til mikroplastforureining i Norge. Miljødirektoratet meiner difor det bør vurderast om gummigranulat på sikt kan fasast ut og meiner det må kartleggjast kva for andre materiale som kan vera eit alternativ. Er det gode alternativ som har kostnader som kan forsvarast, er det aktuelt å vurdera eit forbod, fastslår direktoratet.

Totalt er 20.000 elevar i heile landet med på å undersøkja kva type og mengde gummiknottar som er på banen i nærmiljøet, korleis det ser ut rundt banen og kor mykje som blir att i klede eller sko etter at dei har spelt fotball. Funna skal registrerast på ei nettside, og resultata blir brukt av forskarar som skal undersøkja korleis gummigranulat påverkar naturen.

Ifølgje ein rapport frå 2015 er slitasje og restar av bildekk den aller største kjelda til mikroplastforureining på land i Norge i dag. Gummiavfall er eit naturproblem, og difor er ikkje forskingsprosjektet ved Langeland skule berre moro. Det er faktisk eit viktig arbeid elevane er med på.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut