annonse

I utakt med brukarane

Utakt
Utakt: «Skyss har til no vore døve for dei fleste argument», skriv Sunnhordland på leiarplass. Her ser me Tide-bussane på den nye stasjonen i Sæ. (Foto: Herborg Sørli / arkiv)

  • Leiar

Skyss er tydelegvis ikkje på lag med brukarane på Stordøya. Først vart rutene lagt om i samband med at Tide Buss overtok kontrakten frå Nobina i sommar. Særleg brukarane i Litlabø-området er misnøgde, men også andre stader, som på Horneland, har det komme klager. At det går færre bussar enn før råkar i første rekkje eldre og ungdommar, og dei som brukar buss for å komma seg til og frå jobb i Leirviks-området. Ein protestaksjon på Litlabø i sommar hjelpte ikkje: Skyss var urokkelege og stod på sitt.

Les også: Ber fylkesrådmannen om å gjera ei ny vurdering for Stord-elevane som blir nekta gratis skuleskyss

No er det nye reglar for skuleelevar som skapar sinne. Utan å varsla på førehand, tok Skyss vekk ordninga med gratis busskort for elevar som bur i Sagvåg og Rommetveit. Truleg er endringa i skuleskysstilbodet ulovleg. Hovudregelen er at alle elevar som bur meir enn seks kilometer frå vidaregåande skule har rett på skuleskyss. Det kan berre gjerast unnatak dersom det er brukande kollektivtilbod fram til klokka 21 om kveldane, og i helgane. Det er det ikkje på Stord, utanom i og rundt Leirvik.

Elevane blir no tvinga til å kjøpa ungdomskort til 365 kroner månaden, altså 3.650 kroner i året, sjølv om dei ikkje brukar det på fritida. Det er heilt klart flott at ein 16-åring kan reisa gratis til Bergen, men kor ofte gjer ein det? Det er den daglege bruken som må vera avgjerande.

Skyss har til no vore døve for dei fleste argument, sjølv om grunnlaget for å gjera unnataka frå hovudregelen ikkje er oppfylt. Såleis kan ein slå fast at fylkeskommunen sitt selskap som skal syta for kollektivtransport i fylket ikkje berre er i utakt med folket. Det grensar jo også til arroganse slik dei turar fram.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut