annonse

Investering i framtida

NØGDE ELEVAR
NØGDE ELEVAR: Julie Aarre (15) og Iselin Vikanes (15) synest det er bra at kommunen kjøper inn datamaskinar til elevane. (Foto: MARIUS KNUTSEN)

  • Leiar

Til jul skal alle ungdomsskuleelevane i Stord kommune ha fått ein datamaskin som dei skal bruka til skulearbeid på skulen og heime. I løpet av dei neste to åra skal 5.-7- og 1.-4.-trinna følgja etter. Til ungdomsskulane er det snakk om 791 nye datamaskinar. Totalt blir talet 2.561 nye datamaskinar. Prosjektet har ei total kostnadsramme på 15,3 millionar kroner.

Gleda var stor blant elevar ved Nysæter ungdomsskule som fekk sine PC-ar torsdag. Eigne maskinar gir mogelegheiter for å bruka digitale verktøy på ein ny måte i skulen. Elevane opplever det som kjekkare og meir motiverande. Ikkje minst verkar PC-investeringa utjamnande. No vil alle elevane har like føresetnader for å løysa oppgåve.

Stord kommune er ein av mange kommunar som no digitaliserer skuleverket. Grunnskulen er kanskje den siste arenaen der teknologi har blitt sett på med skepsis, og digitaliseringa har gått tregt. Med eigne maskinar blir det forhåpentlegvis mindre av dataproblema som skulen har slite med tidlegare. Grepet vil gje betre kontinuitet i eleven sitt skulearbeidet, og arbeidssituasjonen blir i mykje større grad slik den vil vera når elevane går vidare på skule og i yrkeslivet.

Det er gjort mykje forsking på data og digitale verktøy i skulen, og ikkje alle forskarar er like begeistra. Medan tilhengjarane peiker på at digitaliseringa opnar for nye måtar å finna informasjon, for å dela, samarbeida og gje respons, peiker andre på at faren for å bli forstyrra blir større og at PC-en i staden blir ein tidstjuv. Eit klart råd er at digitaliseringa av klasserommet må vera under læraren sin kontroll, og at verktøya blir brukt til å tileigna seg kunnskap og arbeidsmetodar gir betre læring. Me kjenner oss sikre på at Stord-skulen vil klara å finna denne balansen, og meiner det er på tide at dei digitale verktøya kjem på plass i skulekvardagen.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut