annonse

«Ja takk til statlege jobbar»

Kommunalminister
Kommunalminister: Monica Mæland. (Foto: Marius Knutsen / arkiv)

  • Leiar

Eit ekspertutval foreslår å flytte nærare 5.000 statlege arbeidsplassar til fylkeskommunane. Utvalet, som har vore leia av professor Terje P. Hagen, foreslår endringar som samla inneber ei overføring av 23,5 milliardar kroner frå statlege institusjonar til fylkeskommunane. Kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland (H) fekk overlevert rapporten sist veke. Ho seier at utvalet har gjort eit grundig arbeid, og at dei kjem med viktige innspel. Rapporten skal no ut på høyring i seks veker.

Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat) omfattar 3.600 årsverk. Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi) utgjer 245 årsverk. Utvalet foreslår òg å leggje ned og overføre Statleg pedagogisk teneste (Statped) med 745 årsverk. I tillegg kjem nedlegging av Kompetanse Noreg (tidlegare Vox) med 95 årsverk, Selskapet for industrivekst (Siva) med 45 årsverk og Kompetansesenter for distriktsutvikling med 25 årsverk.

På Stortinget er responsen positiv frå fleire parti, som meiner at dette er eit godt innspel til fordel for ei demokratisering og desentralisering av makt. Forslaga omfattar endringar innanfor nær sagt alle forvaltingsområde, størsteparten innanfor næring, innovasjon og forsking, kultur, samferdsel og integrering og barnevern.

Ein av føresetnadene for ei slik massiv flytting av statlege arbeidsplassar må vera at ikkje alt går til storbyar og fylkeshovudstadar. Dei siste åra har Stord og Bømlo mista ei rekkje statlege arbeidsplassar, og det er sterkt press på dei få som er att. Sunnhordland risikerer å hamna i bakevja i ein ny vestlandsregion. Å få tilført nokre titals statlege arbeidsplassar ville vore eit fint plaster på såret.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut