annonse

«Kan gje mange nye arbeidsplassar i regionen»

Verftet
Eldøyane: Hywind-møllene blei montert på Stord, før dei blei frakta til Skottland. Her får sommaren 2017. (Foto: Henrik Mundal Andreassen)

  • Leiar

Verdas første flytande vindturbin, Hywind demo, får forlengja liv. Det skjer etter at Unitech har inngått avtale med Equinor om å kjøpa den flytande vindturbinen som står i havet utanfor Karmøy. Turbinen skal få nytt namn og vil bli nytta for infrastruktur til forskingsprosjekt, til opplæring og trening, og til utvikling av ny teknologi.

Havvind er framtidas energiløysing, er noko som stadig blir hevda, og Equinor er langt framme på området, blant anna med Hywind-parken utanfor Skottland, med vindmøllene som for eit par år sidan vart monterte saman på Eldøyane. I fjor fekk Unitech med partnarar tildelt status både som «Sustainable Energy Norwegian Catapult Center» og «Arena Norwegian Offshore Wind Cluster». Dette blir viktige arenaer for utvikling av ny teknologi, lågare kostnader og mindre fotavtrykk.

Unitech har i dag avdeling på Eldøyane, og skal byggja teknologisenter i Rubbestadneset. No er det også klart at selskapet skal etablera seg i Tømmervika i lag med lokale investorar. Her vil det bli ein havvindbase, som ein del av klyngjesamarbeidet Norwegian Offshore Wind Cluster. Konkret skal Tømmervika brukast til samanstilling av vindmøller. Det som gjer området så godt eigna, er at det like utanfor land er stor havdjupne.

Les også: Lokal entreprenør kjøpte seg inn i storsatsinga i Tømmervika

Havvind kan bli «big business», og difor er det gledeleg at Stord kan bli eit senter for havvind i framtida. I tillegg til havvindbasen kan det komma andre ting i kjølvatnet, som kabelfabrikk. Og drift av Hywind-mølla skal styrast frå Stord. Uansett kor dette eventyret måtte enda, synest me det er ei spennande satsing, som kan gje mange nye arbeidsplassar i regionen.

Selde tomter for over 15 mill.: – Dei har fått det grisebillig

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut