annonse

Klar for ny fest

Tradisjon
Tradisjon: Puttefestivalen på Stord blir i helga arrangert for 28. gongen. Her frå 2014. (Foto: Henrik Mundal Andreassen)

  • Leiar

Sommaren går mot slutten, og me treng alle å sjå fram mot ein haust med hendingar i kvardagen som skapar motivasjon og glede. Puttefestivalen er ei slik hending som hundrevis av fotballglade born og unge kan gle seg til kvart år. I år deltek heile 130 lag frå 20 ulike klubbar, frå Stavanger i sør til Sotra i nord, i den tradisjonsrike cupen, som vert arrangert for 28. gong. Nest etter klubbkontingent er dette den viktigaste inntektskjelda for fotballgruppa i Stord IL.

År etter år har frivillige stått på for å gjera Puttefestivalen til ein glad og god tradisjon på Stord. Det er ikkje få kilo med pølser som har blitt servert av engasjerte foreldre på Vikahaugane opp gjennom åra. Puttefestivalen er ein festival der spelarglede og sportsånd står i høgsetet. Sjølvsagt er det gøy å vinna, men Puttefestivalen har alltid lagt vekt på trivsel for alle deltakarane. I eit samfunn med stadig meir forventningspress og snakk om prestasjonar blant dei unge, er det flott å ha slike pusterom som Puttefestivalen, der det handlar om å ha det kjekt i lag.

Me klarar aldri å slutta over å vera imponerte over alle dei som legg ned ein stor dugnadsinnsats for at dette blir ei kjekk helg. For mange er det ein livsstil, og dei bidreg med glede, sjølv om ungane har slutta med fotball for lenge sidan. Til alle spelarar, foreldre, frivillige og andre involverte: Hugs fair play! Det er alltid ei viktig påminning, særleg til dei som står på sidelinja. Lukke til, og så kryssar me sjølvsagt fingrane for godt vêr.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut