annonse

«Kommunen har viktigare oppgåver»

Ordførar
Ordførar: Gaute Epland har automatisk vigslingsmynde som ordførar. Her frå ein reportasje i fjor haust. (Foto: Marius Knutsen)

  • Leiar

Det blir sikkert kjekt, men eg er litt spent på arbeidsmengda. Kalenderen min er allereie ganske travel har eg funne ut. Dette uttalte Stord-ordførar Gaute Straume Epland til Sunnhordland i september, nokre månader før ansvaret for borgarleg vigsel vart overført frå domstolane til kommunane.

Fredag 29. desember vart ikkje berre Linn Therese Olaussen og Kjell Anders Grov formelt eit ektepar: Dei skreiv seg også inn i historia som det siste paret som vart vigsla borgarleg i Sunnhordland tingrett. Ved årsskiftet var det slutt på den 154 år lange tradisjonen. Sunnhordland tingrett har dei siste tiåra hatt over 50 borgarlege vigslar i året.

Ordførar og varaordførar har automatisk vigslingsmynde, men den enkelte kommune kan sjølv bestemma kven andre som kan vigsla. I Stord er det også bestemt at rådmannen kan gjera dette. Det er også kommunestyret som må avgjera kva rom som kan brukast, og om ein kan ha vigslar utanfor eigne lokale og opningstider på rådhuset, og for brurefolk som ikkje er busette i kommunen.

Grunngjevinga for å flytta ansvaret er at kommunane skal bli tilført nye oppgåver. I tillegg vert det peika på at eit kommunalt tilbod for mange vil bety kortare reiseveg. Førebels er det ikkje noko som tyder på at par står i kø for å via seg i rådhusa rundt omkring. Me har ikkje noko imot verken ordførar, varaordførar eller rådmann som vigslingsmynde, men undrar oss over grunngjevinga frå Barne- og likestillingsdepartementet. Me vil tru at kommunane har viktigare oppgåver overfor innbyggjarane enn å driva med borgarleg vigsel.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut