annonse

Kunstgras – eit stort miljøproblem

Problem
Problem: Kvart år kan så mykje som 65 tonn med avfall frå kunstgrasbanar hamna i naturen - mykje av det er plastmateriale. (Foto: Henrik Mundal Andreassen / arkiv)

  • Leiar

Stord har slutta å spela sine heimekampar på gras på Stord stadion, og spelar i staden på kunstgrasbanen like ved. Og stadig fleire grasbanar rundt om, både i vårt distrikt, og elles i landet, blitt gjort om til kunstgras, fordi ein då får auka brukstida. Men det er eitt stort problem med denne utviklinga: Gummikuler.

No har 12.000 elevar frå 285 skular rundt om i heile landet undersøkt 343 kunstgrasbaner. Elevane har undersøkt kva slags gummikuler som vart brukt på sin nærmaste kunstgrasbane, i tillegg til at dei har målt kor mykje gummi som klistra seg til klede og sko etter ein kort fotballkamp. Kvar gong det vert spelt fotball på ein kunstgrasbane, fraktar kvar spelar med seg to milliliter gummigranulat ut av banen. Det kan bety omtrent 65 tonn avfall som hamnar i naturen på eitt år – og mykje av dette er plastmateriale. Fotballspelarar står ikkje for alt svinnet frå kunstgrasbaner, størstedelen av plastforureininga stammer frå avrenning med regnvatn, snømåking, vêr og vind.

Bruken av kunstgrasbaner føyer seg inn i det store biletet av små og store kjelder til plastforureininga. Det er materiale frå gjenbrukte bildekk som er hyppigast i bruk på norske baner, og denne typen gummikuler vart registrert på 80 prosent av banene i prosjektet. Blant banane som er med i undersøkinga er Langelandsbanen på Stord, og anlegga til Rubbestadneset og Moster på Bømlo.

Dette er ei viktig undersøking, og viser kor stort miljøproblem alle kunstgrasbanane er. Me håpar og trur at dette no blir prioritert høgt av sentrale styresmakter. I tillegg fører slike prosjekt til at elevar får eit innblikk i korleis forsking kan bidra til å løyse praktiske samfunnsproblem. Denne type «folkeforsking» er verdifullt både for forskingsinstitusjonane som kan ta resultata i bruk, og for deltakarane som får lære om forskingsmetodar.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut