annonse

Kyrkje på sparebluss

Jubileum
Jubileum: Søndag blei 150-årsjubileumet til Fitjar kyrkje markert. Kommunen bør stilla opp med meir midlar, meiner Sunnhordland. (Foto: Kjetil Østrem)

  • Leiar

Søndag var det stor jubileumsgudsteneste i Fitjar kyrkje, i samband med at kyrkja i bygda er 150 år i år. Eigentleg har feiringa pågått i heile 2017, med 25 arrangement som spenner frå temakveldar til barneveke og innviing av nytt kyrkjeorgel. At jubileumsåret fall saman med 500-årsjubileet for reformasjonen førte til ein ekstra bonus for dei som planla jubileumsaktivitetane.

Fitjarbuane er dei mest ivrige kyrkjegjengarane i Sunnhordland, ifølgje ein statistikk som stod på trykk i Sunnhordland tidlegare i år. I jubileumsåret har innsatsen vore ekstra stor, og det har vore eit stort engasjement frå bygdefolket både når det gjeld pengestøtte og dugnadsinnsats til nytt orgel, og til oppgradering av kyrkjebygget. Og det trengst. For med ein stadig meir skrantande kommuneøkonomi, er Fitjar blant dei kommunane som må spara. Det går blant anna ut over kyrkja.

Kyrkja og kommunen hadde ei sak om kommunen sitt tilskot til kyrkja tidlegare i år. Soknerådet meinte å kunna dokumentera at kyrkja fekk for lite tilskot i høve til det som etter kyrkjelova er kommunen sitt ansvar. Etter litt fram og tilbake enda det med at kommunestyret i revidert budsjett gav kyrkja eit ekstra tilskot på 225.000 kroner. Soknerådet meiner dette framleis er for lite, og no er ein ny budsjettprosess i gang. Den blir heilt sikkert ikkje enklare enn i fjor, og difor blir det spennande å sjå kva soknerådet endar opp med til neste år.

Ikkje berre er fitjarbuen blant dei som brukar kyrkja mest: Folk i Fitjar er også blant dei i landet som gjev mest i kollekt. Men kyrkja kan ikkje berre leva av at folk i bygda er gåvmilde. Difor bør kommunen også stilla opp med sitt.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut