annonse

La julefreden seinka seg

Rolege dagar
Rolege dagar: Slik såg det ut på Vikjo i formiddag. Me ønskje alle lesarar ei god jul. (Foto: Marius Knutsen)

  • Leiar

Så er me endeleg komne til julaftan, og sjølv om butikkane har ope halve dagen i dag for dei som er ute i siste liten, har nok dei fleste gjort unna årets juleførebuingar. I ettermiddag er det uansett tid til å la julefreden seinka seg og ta nokre velfortente dagar med ekstra fri.

Men ikkje alle har høve til å ta fri i julehøgtida. Nokon held (h)jula i gang, med varme og omsorg til dei som treng det. Helse- og omsorgspersonell, politi på vakt, brannvakter og kyrkja. Me vil også senda varme tankar til alle sjøfolka våre, til dei som held produksjonen i gang på plattformene våre, og til alle andre som har jobbar der dei ikkje berre kan stengja kontoret og ta juleferie.

Også i år har me tankane våre hos dei heimane der stolar står tomme ved bordet på grunn av dødsfall. Tap merkast ekstra sterkt i julehøgtida som på mange vis forstørrar opp både glede og sorg. Tapa merkast gjerne ekstra når dei skjer like før jul, og me sender varme tankar til alle som har mista sine og som kjenner på den tunge sorga i julehøgtida.

Og så er det også slik at det i dagens samfunn er stadig fleire som fell utanfor, eller som ikkje har råd til å feira jul slik som det store fleirtalet. Difor er me takksame for at det finst enkeltmenneske og organisasjonar som bidreg ekstra, og som opnar både dører og hjarta sine for at andre skal få ei triveleg julehøgtid. Me seier takk for at de bryr dykk, og vil med dette ønskja alle våre lesarar ei strålande julehøgtid.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut