annonse

Lang veg til Løvebakken

Kjempar
Kjempar: Liv Kari Eskeland er inne i ein hektisk valkamp for å sikra plass på Stortinget. (Foto: Henrik Mundal Andreassen / arkiv)

  • Leiar

Høgre ser ut til å gjera eit godt val i Hordaland, ifølgje eit ferskt partibarometer som Respons Analyse har gjort for Bergens Tidende. Det vil seia, Høgre gjer det ikkje særleg betre enn ved førre val, men målingane no er langt betre enn ved førre måling, som var rett før ferien.

Dersom valresultatet om ein knapp månad blir slik som denne målinga, ville oppslutnaden på Stortinget frå Hordaland vore omtrent som i dag: Høgre fem, Ap fire, Frp to, medan KrF, Sp, Venstre og SV har eitt mandat kvar. I denne samanstillinga er ikkje utjamningsmandatet, som Høgre har i inneverande periode, teke med.

Men trass i ei god måling: Vegen til Stortinget er endå lang og kronglete for tidlegare Stord-ordførar Liv Kari Eskeland, som står på sjetteplass på lista. For det første må Høgre gjera eit godt val. Nøkkelen til fast Eskeland-plass vert då anten eit utjamningsmandat, eller at Erna Solberg held fram som statsminister.

Dermed blir Magne Rommetveit (Ap) og Knut Arild Hareide (KrF) dei einaste sikra korta frå Sunnhordland i neste periode. Me skulle gjerne hatt fleire, og tykkjer først og fremst det er ille at ikkje Hordaland Høgre har funne plass til Liv Kari Eskeland høgare oppe på lista, særleg no når veteranen Øyvind Halleraker takkar for seg. Dermed blir det opp til veljarane å avgjera, og det går mot nokre spennande veker fram mot valet.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut