annonse

Lurt å handla lokalt

Lokalt
Lokalt: Ved å handla lokalt støttar ein opp om lokale arbeidsplassar, skriv Sunnhordland på leiarplass. (Foto: Henrik Mundal Andreassen)

  • Leiar

Arbeidsmarknaden i Hordaland er tilbake på 2015-nivået, og lokalt er arbeidsløysa lågare enn elles i fylket. Det er lenge sidan sist. Og ein av kommunane som har vore hardast råka, Stord, har no arbeidsløyse på nivå med dei andre kommunane i distriktet, viser ferske tal frå Nav.

Dermed ser 2017 ut til å bli eit godt år for arbeidsmarknaden i Sunnhordland. Lokale bedrifter viser at dei er konkurransedyktige i ein krevjande marknad og det er god aktivitet innan fleire næringar. Det viser igjen på arbeidsløysa, som no er tilbake på same nivå som då nedgangen råka Vestlandet i 2015.

Også næringslivet ser positivt på stoda. I den fjerde og årets siste Vestlandsindeks, som vart kjent på fredag, svarar bedrifter innan olje- og gassektoren at dei no ser lysare på situasjonen. Alt tyder på at Vestlandet er på full fart opp av bølgjedalen att.

Ei næring som er stor, også lokalt, men som det ofte er lite fokus på i samanhengar som dette, er handelsnæringa. Mange kan styra seg for diverse stunt, slik som Black Friday, men det kan vera verd å minna om at ein butikk også har lokale folk som arbeidstakarar. Dette er lokale arbeidsplassar gode som andre, som bidreg både til lokal velstand og skattepengar i kommunekassen. Det kan vera verd å minna om no når julehandelen startar for alvor.

For mange er det freistande å handla på nettet. Men det er slett ikkje alltid det er så billeg som det ser ut til, og ved å handla lokalt, støttar ein opp om lokale arbeidsplassar. God julehandel!

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut