annonse

Måtehald er best

Fest
FEst: AV-OG-TIL oppmodar folk om å visa måtehald i julebordsesongen. Det gjer me òg. (Foto: Colourbox / illustrasjon)

  • Leiar

Julebord gjekk over styr, hamna i arresten etter julebord. Dette er to titlar frå Sunnhordland i vekene før jul dei siste åra. Denne helga startar for alvor årets julebordsesong, og i høve dette kjem organisasjonen AV-OG-TIL med ei rekkje gode råd, både til arbeidsgjevarar som arrangerer julebord, og til arbeidstakarar som deltek.

Julebordstradisjonen i Norge er lang og det er ingen tvil om at julebord i Norge er forbunde med store mengder mat og drikke. For somme – altfor store. Sjølv om julebord i vår forstand ikkje dukka opp før på tidleg 1900-talet, meiner enkelte at det er ein skikk med trekk heilt frå mellomalderen. Nokon hevdar til og med at det stammar frå dei heidenske blotet. Uansett: Julebord er nemninga på eit bord, som er dekt med det beste som huset kan få tak i.

Ei spørjeundersøking viser at ein av tre nordmenn meiner det er for mykje drikking på jobb, oftast i samband med julebord, seminar og jobbmiddagar. – Dette er eit klart varsku til alle bedriftsleiarar: Det er kanskje på tide at ein finn på noko anna enn å dele ut gratis drikkebongar, uttalte fagdirektør Kari Lossius ved stiftinga Bergensklinikkene til Dagbladet.

Undersøkingar dei siste åra viser at tre av fem nordmenn skal på julebord. Nokon på eitt, medan ein av fem skal på to eller fleire. Julebord er framleis ein viktig førjulstradisjon for mange nordmenn, men NHO har dei siste par åra fått signal om at fleire vel ei meir nøktern julebordsfeiring enn tidlegare. At det rett og slett er litt meir kos og mindre fyll. Det er kanskje ikkje så dumt. Uansett meiner me råda frå AV-OG-TIL kan vera verdt å ta med seg, for det nyttar ikkje å komma på jobb på måndagen og seia at «fylla har skulda». Lukke til med årets julebordsesong!

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut