annonse

«Me er sikre på at Statoil har lært»

Letta sjef
Letta sjef: Kværner Stord-sjef Steinar Røgenes hadde grunn til å smila fredag. (Foto: Marius Knutsen)

Det byrjar å bli ei stund sidan sist, temmeleg nøyaktig to år, sidan Kværner Stord og dei tilsette kunne feira milliardkontrakt med kake og festtalar nede på verftsområdet på Kjøtteinen. Men fredag skjedde det igjen: Sjølv om det denne gongen kanskje ikkje var noka stor bombe, så er det likevel gledeleg når Statoil endeleg kunne stadfesta at jobben med å oppgradera Njord-plattforma skal gjerast på Stord. Ein jobb med verdi fem milliardar kroner, som sysselset heile 3.000 årsverk, og sist, men ikkje minst: Ein jobb som skal gjerast på heimebane på Stord, med dei ringverknadene det får i lokalsamfunnet.

Fredagens gladmelding var noko me verkeleg trengde alle saman, same dagen som ei anna hjørnesteinsverksemd, Apply Leirvik, kom med nyhendet om at dei må kutta i den faste staben. For det er ikkje til å leggja skjul på at det lokale næringslivet har vore gjennom ein tøff periode, med tøffe slankekurar, men no ser me lyset i tunnelen. Det er lenge sidan sist me kunne sjå fram til fleire år med svært høg aktivitet på Stord, noko som vil merkast i alle bransjar, heilt frå drosje- og restaurantnæringa, til underleverandørar og eigedomsbransjen.

Det er ikkje til å stikka under stol at me på denne plass lenge har vore kritiske til Statoil og måten det statlege oljeselskapet har drive dei siste tiåra. Men i dag vel me å setja ein strek over dette, og vil i staden hylla Statoil, for å velja Kværner Stord endå ein gong. Statoil sine kjeldedressar vil vera tilbake for fullt i lang tid framover, og me er sikre på at Statoil har lært, og at dette tette samarbeidet vil blomstra i mange år til.

I dag kjem olje- og energiminister Terje Søviknes og hans stab på besøk til Stord, der dei skal møta mange lokale bedriftsleiarar. Dei kunne ikkje vald ein betre dag å komma på. Men trass i fredagens gladmelding, er det for tidleg å friskmelda det lokale næringslivet heilt. Det reknar me sjølvsagt med at næringslivsleiarane vil fortelja ope om i møtet, og me forventar at vår nye oljeminister både lyttar, men aller mest handlar, slik at me for alvor kjem opp att av bølgjedalen – på Stord, i Sunnhordland, Hordaland og resten av Vestlandet.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut