annonse

«Me håpar dei lyttar til ungdommane»

Kan bli kutta
Kan bli kutta: Leiar Astrid Skålevik viser fram ein 30 år gammal logg, frå den aller første kvelden i Harri fritidsklubb – til stor glede for Sandra Toldnes, Stine Aasheim og Karina Vinje. (Foto: Kjetil Østrem)

  • Leiar

Kvar måndag og torsdag samlast fleire titals ungdommar seg på dei to kommunalt drivne fritidsklubbane i Stord, Harri og Litlabø. Her kan dei stikka innom for å treffe andre ungdommar, slå av ein prat, spele biljard eller rett og slett berre slappe av. Klubbane er godt utrusta og har mykje å tilby av spel og anna tidsfordriv.

Det som kjenneteiknar mange av dei faste brukarane er at dei ikkje er aktive i sport og idrett, eller i andre lag og organisasjonar. Fritidsklubben er kanskje den einaste fritidsinteressa mange av dei har. Alternativet ville vore å sitja heime åleine ved PC-en, eller samlast i Leirvik sentrum, på eit kjøpesenter eller andre stader.

No mobiliserer ungdommen. I dag står det to lesarbrev, skrivne av ungdommane, og fleire ligg på vent. Rådmannen har nemleg foreslått å leggja ned dei to fritidsklubbane frå og med 16. mai 2018. Årsak: Kostnadskutt i kommunen. Det vil dei ikkje finna seg i, og tysdag vert det nok mange tenåringar i kommunestyresalen når Komite for oppvekst og utdanning har opne budsjetthøyringar.

Meiningar: «Klubben betyr alt!»

Mange av rådmannen sine kuttforslag kjem så å seia kvart år, og ofte er det dei svakaste som vert råka. Å leggja ned dei to fritidsklubbane i Utbygdo og Litlabø er nye forslag av året. Til sjuande og sist er det politikarane som skal vedta budsjettet. Me håpar og trur at dei lyttar til ungdommen. Å leggja ned eit så innarbeidd og populært fritidstilbod som desse to fritidsklubbane er trur me er eit dårleg val. Innsparinga er heller ikkje så stor, og kutt i førebyggjande tiltak kan gje støtte utgifter rundt neste sving.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut