annonse

Med høgskulen inn i framtida

Tale
Tale: Gaute Epland var på eitt av sine første offisielle oppdrag som ordførar under opninga av skuleåret på Rommetveit måndag. (Foto: Anita Haugland)

  • Leiar

Måndag var det studiestart ved Høgskulen på Vestlandet (HVL). Dette var ein historisk dag på mange måtar: Det var første studiestart for den fusjonerte høgskulen, og dette er første kullet der grunnskulelærarutdanninga er ei masterutdanning som varar i fem år. HVL såg dagens lys 1. januar 2017, då Høgskolen i Bergen, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Høgskolen Stord/Haugesund fusjonerte. HVL er dermed ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 16.000 studentar fordelt på fem campusar i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Det var mange som tok ordet under den offisielle oppstarten på Campus Stord måndag. Blant desse var ordførar Gaute Epland, som var ute på eitt av sine første offisielle oppdrag. Han understreka kor viktig høgskulen er for Stord og distriktet, og han peika tilbake til kor viktig lærarutdanninga på Rommetveit har vore i ei historisk perspektiv. Epland var ein av fleire som nemnde at fusjonen er viktig og naudsynt med tanke på vidare utvikling og det å tilpassa seg nye tider og krav frå samfunnet.

Me vil først og fremst nytta høvet til å ønskja alle studentar, spesielt dei nye, velkomne til Stord, og me håpar at studiet og livet utanom innfrir. Me konstaterer at mange er fulle av lovord over fusjonen, men enno er ein i startfasen på den nye organiseringa, og me må nok venta endå ei god stund til før me kan konkludera noko som helst. Men det ser lovande ut. Difor er me spente på kva som skjer neste gong nye studieplassar skal delast ut. Fleire av studieretningane på Stord har lange ventelister, og me håpar og trur at Høgskulen er ein høgskule for heile Vestlandet – og ikkje berre Bergen – ved neste krossveg.

Les også: Studiestart med hagefest og noget attåt

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut