annonse

Meld frå om tjuveri

Delikatesse
Delikatesse: Det kan vera freistande å stela frå andre sine teiner, diverre. (Foto: Arkiv)

  • Leiar

Tjuveri frå teiner er blitt eit aukande problem. Særleg no, når det er opna for hummarfiske, står teinene utrygt. Hummar er ein dyr delikatesse, og det er tydeleg at denne freistinga som ligg lett tilgjengeleg rundt om i teinene, er for stor til at enkelte klarar å la vera å stela med seg fangsten.

Ein av dei som har opplevd tjuveri er Atle Sætrevik, som har fiska hummar sidan han var liten gut. No er problemet blitt så stort at det går ut over gleda ved hobbyen hans. Fleire gonger har han observert båtar ved teinene, og båtane forsvinn i full fart dersom han sjølv set kursen mot staden han har teinene.

Dette er ikkje berre eit problem i Stord og Sunnhordland. Haugesunds Avis skreiv for eit par veker sidan om liknande problem i Nord-Rogaland. Friluftsrådet Vest kunne stadfesta at dei har høyrt om mange tilfelle av hummartjuveri. På Facebook-gruppa «Hummerfiske», som har over 7.000 medlemmer, er det mange langs heile kysten som uttrykkjer sin irritasjon og frustrasjon over teiner som forsvinn på mystisk vis eller blir tømt.

Me skulle helst ynskt at dette ikkje var eit problem, men problemet blir ikkje mindre av at folk ikkje melder frå om slike tjuveri til politiet. Det er få ting som er simplare enn å dra rundt i båt på lyse dagen og stela andre sin fangst. Difor er rådet vårt: Meld frå om tjuveri. Det er nok einaste måten ein kan få bukt på det som kan synest som eit aukande problem, nemleg at tjuvane blir tekne og får si fortente straff.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut