annonse

NM-byen Stord

NM-byen
NM-byen: Her, ved Hestesportssenteret, blir det fjordhest-NM i juni 2018. På biletet ser me Stord Petanqueklubb, som skal ha NM i same månad – men då i Leirvik sentrum. (Foto: Arkiv)

  • Leiar

Stord har opp gjennom åra vore vertskap for norgesmeisterskap ei rekkje gonger. Bordtennis er nok den idretten som har hatt flest meisterskap, men også i orientering, turn, symjing, friidrett og bogeskyting har det vore NM på Stord. Sist det var ein større meisterskap var då Stord Friidrett arrangerte NM i terrengløp i Prestagardsskogen i 2014.

Men i 2018 vil Stord endå ein gong bli sett på NM-kartet. Det største arrangementet vil finna stad på Stord Hestesportssenter i slutten av juni, då opp mot 130 ekvipasjar er venta til fjordhest-NM, der det skal tevlast i sprang, dressur og køyring. Arrangør er Stord Hestesportlag, eit lag i stor vekst etter at Hestesportssenteret stod ferdig for nokre år sidan. Til no har dei arrangert distrikts- og landsstemne, og NM blir ei stort løft for den driftige klubben.

I sist veke vart det også kjent at det blir NM i både snooker og petanque på Stord. Snooker-NM vil skje i snookerklubben sine lokale i Sagvåg i mai, og samlar over 50 deltakarar. Dette blir det første NM nokosinne arrangert i Sagvåg. Petanqueaktiviteten har også fått eit løft etter at banen utanfor Stord kulturhus stod klar. I juni kan så mange som 150 deltakarar komma når kulegjengen arrangerer NM på toppen av parkeringshuset på Amfi.

Me gratulerer dei tre klubbane med tilliten, og ønskjer lukke til med planlegginga. Sjølv om me her ikkje snakkar om dei mest populære og breiaste idrettsgreiene, er tre slike meisterskap på Stord i løpet av nokre få veker i mai og juni likevel stas. Dette vil gje ringverknader i lokalsamfunnet, og setja Stord på NM-kartet att.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut