annonse

No startar jobben

Kritisk
Kristisk: Sigbjørn Framnes er redd Sunnhordland hamna i skuggen i nytt storfylke. (Foto: Marius Knutsen / arkiv)

  • Leiar

FREDAG var det historisk møte då fylkestinga i Hordaland og Sogn og Fjordane var samla til sitt første felles møte i Gulen i Sogn og Fjordane. Her vedtok ein at namnet på det nye fylket skal vera Vestlandet, og dei to fylkestinga gjorde likelydande vedtak om at det nye fylket skal tre i kraft 1. januar 2020.

SJØLV OM namnet er Vestlandet er det ikkje tvil om at det er eit halvt vestland når ein ikkje lukkast å få med Rogaland. For Sunnhordland sin del betyr det at regionen vår i endå større grad blir ein sørleg utkant i ein administrativ region som får eit tyngdepunkt som går nordover. Det gjer det ikkje betre at intensjonsavtalen som blei signert i januar, seier at for dei viktige områda samferdsle og vidaregåande opplæring, vil Sunnhordland og Hardanger blir styrt frå Sogn og Fjordane.

DET VAR også kritiske tunger på det historiske møtet. Sigbjørn Framnes er blant dei. Frp-politikaren sitt mål er ikkje å reversera samanslåingsprosessen, men å jobba for at det som ligg til grunn for det nye storfylket blir best mogeleg når den nye organisasjonen skal vera på plass om to år. Framnes sit som medlem av fylkesutvalet også i den nye fellesnemnda som no skal planleggja og førebu samanslåinga av Sogn og Fjordane og Hordaland.

HER ER det ingen tvil om at det er ein stor jobb å gjera. Det er heller ikkje tvil om at kommunane, Samarbeidsrådet for Sunnhordland og andre aktørar må komma på banen og jobba for å sikra Sunnhordland sine interesser.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut