annonse

Nord eller sør?

Fylkesgrenser
Fylkesgrenser: Regionen vår vil, slik Sunnhordland ser det, vera ein utkant uansett om ein vender seg mot nord eller sør. (Foto: Google maps)

  • Leiar

Det har oppstått ny diskusjon om me i ytre del av Sunnhordland heller bør venda nasen sørover mot Rogaland, i staden for å bli ein utkant i eit nytt storfylke på Vestlandet. Særleg på Bømlo er det sterke krefter som heller ønskjer at Sunnhordland melder overgang til Rogaland, fordi dei fryktar at både Sunnhordland og Hardanger vil verta ein avgøymd krok i det nye Vestlandet. Ordførar Odd Harald Hovland (Ap) viser til både politi- og helsedistrikt, og meiner det er lettare å byggja tette band sørover enn mot nord. Det same har også fylkesmann Lars Sponheim uttalt.

Det er delte meiningar i dette synet, og også i Fitjar har politikarane drøfta saka. Tidlegare ordførar Harald Rydland (KrF) tok i førre månad opp problemstillinga, der han meinte at saka burde diskuterast på ny, og at heile regionen bør komma med ny, felles uttale om regionsinndelinga.

Les også: Ordførar vil flørta med Rogaland

Hordaland og Sogn- og Fjord-ane skal verta slått saman til eitt fylke frå 2020, medan Rogaland skal framleis vera eige fylke. Fitjar kommunestyre har tidlegare sendt uttale om temaet. Det som då var aktuelt, var at Rogaland, Hordaland og Sogn-og Fjordane skulle verta eitt fylke. Dette uttrykte kommunestyret seg positivt til. Etter at Rogaland ikkje er med i samanslutninga, har me ein ny situasjon som Fitjar kommunestyre bør ha ei haldning til, skreiv Rydland i interpellasjonen.

Les også: Lokal usemje om fylkesgrensene

Debatten er definitivt viktig og verd å ta. Føresetnadene er endra, ved at Rogaland takka nei. Tysnes og Kvinnherad er klare på at dei tilhøyrer Hordaland, noko dei også gjer innan politiorganiseringa. Utfordringa til dei ytre delane av Sunnhordland er at me blir ein utkant uansett om me høyrer til eit storfylke i nord, eller vender oss mot sør. Så då kan me like gjerne vera der me er.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut