annonse

Nynorsk i vinden

Størst
Størst: Stord er framleis verdas største nynorskby. Her ser me elevar på Nysæter ungdomsskule. (Foto: Arkiv)

  • Leiar

Noregs Mållag har til no i år hatt vekst i medlemstala i alle fylkeslag. Til saman har dei dette året fått 562 nye medlemmer, ein auke på 4,5 prosent frå årsskiftet i fjor. I førre veke var talet 12.973, og dei ventar å bikke 13.000 før året er omme.

Det er ikkje berre det siste året Mållaget har opplevd vekst. Tala for dei siste ti åra syner at Mållaget har vakse jamt, frå 10.323 medlemmer til 12.973 medlemmer. Det svarar til ein auke på 25,7 prosent. Leiar i Mållaget, Magne Aasbrenn, merkar at det er god aktivitet i rørsla når han er rundt og vitjar lokallag. Han rosar også målfolk som er flinke både i media og sosiale medium.

Hordaland Mållag er det største fylkeslaget til Noregs Mållag. Dei har 3078 medlemmer. Oslo Mållag er det største lokallaget med sine 538 medlemmer. Stord Mållag, som også har hatt vekst i år, tel rundt 300 medlemmer. Stord Mållag er blant dei eldste i landet. Maalvinarlaget vart starta opp av studentar ved seminariet (lærarskulen) på Stord i 1877, medan soga til Stord Mållag vel startar i 1901.

Les også: Heider og ære til Fjord1 for bruk av nynorsk 

Stord er rekna som «verdas største nynorskby», og nynorsken står sterkt, både på Stord og elles i Sunnhordland. Men Stord må no sjå seg forbigått av Hå kommune på Jæren. Torsdag la Utdanningsdirektoratet fram nye tal som viser at Hå kommune for første gong i historia er blitt den kommunen som har flest nynorskelevar i grunnskulen, med 2.512 nynorskelevar, fem fleire enn Stord. Heldigvis har dei ingen tettstader med bystatus i Hå, slik at Stord framleis er den største nynorskbyen. Det er ein tittel ein kan vera stolt av, og som er verd å halda på.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut