annonse

Oljebyen Stord

Oljeby
Oljeby: Her ser me Njord-plattforma i ferd med å bli oppgradert i oljebyen Stord. (Foto: Marius Knutsen / arkiv)

  • Leiar

Stavanger vil alltid vera oljehovudstaden, men i høve til folketalet er det Stord som har flest tilsette i oljeindustrien. Det går fram av Statistisk sentralbyrå (SSB) sin rapport «Sysselsette i petroleumsnæringa og relaterte næringar» som vert presentert i dagens avis. Kvar femte arbeidstakar i kommunen jobbar i petroleumsindustrien, med Sola og Stavanger på dei neste plassane.

Men å vera landets oljeby nummer 1 betyr òg enorme svingingar i sysselsetjinga. Då oljeprisen stupte frå 110 dollar fatet i juni 2014 til under 30 dollar fatet i januar 2016, blei Stavanger-området og Stord hardast råka av alle. På Stord vart arbeidsløysa meir enn dobla og spratt opp i 6.1 prosent i januar 2016. Men så snudde det nesten like fort att. Tal frå desember viser at arbeidsløysa igjen har stupt og me går inn i det nye året med rundt 2,9 prosent arbeidsløyse i oljebyen Stord.

Tek me ein kik på dagens tilbakeblikk i «Sunnhordland for 50 år sidan» kan me lesa om at året som hadde gått den gongen, altså 1967, var eit godt år, prega av mykje å gjera, både i det offentlege, landbruk, handelsnæringa og industrien. «Sysselsetjingi har vore rekordhøg, arbeidsløysa minimal. Og det er no til sjuande og sist det som tel mest for kvar einskild å ha ein fast og trygg arbeidsplass. Nyårskvelden er ein kveld ein stoggar litt opp og ser på året som gjekk. Nyårsdagen ser me på nytt framover litt i undring og med litt spaning – mon kva dette året ber med seg? Me veit det ikkje, ingen veit det. Året har nok vore travelt; men også triveleg. Og så ynskjer me GODT NYTTÅR!».

Desse orda kunne like gjerne vore skrivne i dag, og me håpar difor på eit godt år på alle måtar, og ynskjer med dette alle våre lesarar eit godt nytt år!

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut