annonse

På veg ut av krisa

Lysare tider
Lysare: Den positive utviklinga i arbeidsmarknaden held fram, og det tek me som eit teikn på at også lokale bedrifter snart kan slå fast at dei er ute av krisa. Her ser me adm.dir. Jan Arve Haugan i Kværner. (Foto: Marius Knutsen)

  • Leiar

Før helga kom to viktige nyhende om korleis stoda er i det lokale næringslivet. Først ut var Stord Næringsråd, som har gjennomført ei undersøking blant sine rundt 150 medlemmer. Bodskapen var klar: Me er enno ikkje komme oss ut av krisa. Men dersom ein les litt lenger ned i pressemeldinga, så ser ein at mange av dei som svara også meinte at det eigentleg aldri hadde vore noko krise for deira del. Men mange bedriftsleiarar er framleis nokså restriktive i høve til å tilsetja nye folk.

Kanskje litt overraskande funn, i det me ser at lokalt næringsliv er på full fart opp og fram for tida, med lokomotivet Kværner i front. Det er mange år sidan aktiviteten på Kjøtteinen har vore så høg som no. Fredag kom ferske tal frå Nav, som viser at det er mange lyspunkt no når sommaren går over til haust: I august var arbeidsløysa for Sunnhordland på 2,9 prosent, som er under gjennomsnittet for Hordaland. I Sunnhordland ser me ein nedgang på 31 prosent i forhold til august 2016. Det er 402 færre arbeidsledige enn på same tid i fjor.

Det er i Stord og Kvinnherad det har vore største nedgang i arbeidsløysa, med høvesvis 45 og 35 prosent. Det tilsvarar heile 251 personar på Stord og 103 i Kvinnherad som no har komme seg ut i jobb. Tala på Stord har gått frå å vera høgast i landet til å liggja på snittet i fylket. Det er ei svært gledeleg utvikling, og stemmer ikkje heilt overreins med inntrykket ein kunne få i undersøkinga til Stord Næringsråd. Også talet på permitterte er på veg ned.

Nav slår fast at aktiviteten er høgare no, og det har vore nedgang i arbeidsløysa i seks månader på rad. Den positive utviklinga i arbeidsmarknaden held altså fram, og det tek me som eit teikn på at også lokale bedrifter snart kan slå fast at dei er ute av krisa.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut