annonse

«Politikarane hadde ikkje noko val»

VANSKELEG
VANSKELEG: Torsdag bestemte kommunestyret på Stord seg i høve endring av krinsgrensene. Her er Nils Magne Blålid (SV), Jakob Bjelland (Sp) og Torbjørn Brosvik (KrF) samla. (Foto: OLAV RØLI)

  • Leiar

Torsdag vedtok eit fleirtal i kommunestyret på Stord å senda neste års førsteklassingar frå Heiane Sør/Horneland, Hornelandsvågen og Hatlandsåsen til Tjødnalio skule. Dette skapar sterke reaksjonar, noko me forstår svært godt. For med dette er ein med på å riva ned og utfordra gamle skiljelinjer i skulestrukturen på Stord. Veldig mange frå desse områda har ikkje noko forhold til Tjødnalio skule, men har alltid halde seg til at Langeland skule er nærskulen.

No må elevane bussast eller køyrast til Tjødnalio. For mange er dette ein avstikkar, sidan dei færraste arbeider mot Sagvåg. Når vedtaket er fatta er det viktig at både skular, kommunen og foreldra, jobbar for å sikra gode kollektivløysingar til dei som det gjeld. Med rapportane om skuleskyss som kjem frå Langeland, får me berre håpa at Skyss faktisk tek dette særs alvorleg og at det fungerer frå dag 1.

Politikarane på Stord hadde i realiteten ikkje noko val slik situasjonen har utvikla seg, og difor vil me kalla det klokt å ta ei avgjerd. I mange år har dei hoppa bukk over planane om ny småskule i Kåreviksmarka, og dei siste åra har det berre komme fleire og fleire på Langeland skule. Slik situasjonen er skildra av dei tilsette på skulen, var brakkeskule eit blindspor for pedagogisk kvalitet. Kapasiteten er sprengt allereie på Langeland, og ein kan ikkje fylla med mellombelse løysingar for einkvar pris. Her hastar det med å få ei langsiktig løysing på plass.

Mange har peika på Fronta som frelsaren i denne saka, som vil byggja ny skule gratis. Men drifta og lærarane er ikkje inkludert. Likevel er det nok av døme på private initiativ for skuledrift som har dukka opp i kjølevatnet av misnøye med kommunen. Både kristne skular og montessori-skular finst det mange av. Det kan vera eit spor for foreldre, om misnøya og frustrasjonen er for stor.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut