annonse

Populært prosjekt

SIST VEKE deltok 25 musikk- og naturfaglærarar frå ni land på kurs ved HSH på Rommetveit for å læra seg å laga undervisningsopera. Metoden det vert jobba etter blir kalla Write a Science Opera (WASO), og er eit kreativt kunst- og naturfagleg vidareutdanningskonsept, der elevar på ulike trinn, støtta av lærarar og andre, lagar ei opplysningsframsyning. Responsen kan tyda på at det ikkje var siste gongen.
 
HSH fyller i år 20 år, noko som vil bli markert utover hausten. Det er i desse dagar 20 år sidan Statens sikkerhetshøgskole, Haugesund Sjukepleierhøgskole, Stord Lærarhøgskule og Stord Sjukepleiarhøgskule blei slått saman til Høgskolen Stord/Haugesund. HSH er ein viktig institusjon for Sunnhordland og regionssenteret Stord. At ein har eit slikt utdanningstilbod er viktig, både for privat og offentleg sektor.
 
I DESSE DAGAR pågår ein debatt om framtidas struktur for landets høgskular og universitet. Statsråden har varsla ei stortingsmelding neste vår. Me håpar at ikkje HSH endar som ei lite prioritert underavdeling av til dømes Universitetet i Bergen. Samarbeid kan vera ein veg å gå, men ikkje for einkvar pris. Stord sjukehus si rolle i Helse Fonna er eit bevis på at det ikkje alltid er greitt å vera ein liten institusjon i ein utkant.
 
DIFOR kan slike EU-prosjekt vera viktige, for at HSH viser att på kartet. Det er stas å bli «sett» av det store utlandet, og at dette er ein god måte å posisjonera seg. Det er mykje som HSH ikkje kan konkurrera med dei store institusjonane om, og då er det desto viktigare å dyrka fram dei særeigne tilboda som gjer at skulen skil seg ut. Sjølv om det som alltid vil liggja til grunn for ein distriktsskule som HSH er det grunnleggjande behovet for lærar- og sjukepleiarutdanna folk i nærområdet. Det må ein ikkje gløyma, uansett kor festlege tilbod ein tryllar fram frå hatten.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut