annonse

Råkar dei svakaste

KJEMPAR
KJEMPAR: Daniel Solli Bjelland og dei andre brukarane av Åkervikåsen 13 er redd for at tilbodet skal forsvinna. Det vert føreslått nedlagd i rådmannen sitt budsjettforslag. (Foto: INGVILD SIGLEN BERGER)

  • Leiar

Rusomsorg og bu- og fritidstilbodet til psykisk utviklingshemja blir hardt råka i Stord-rådmannen sitt forslag til budsjett. Me har i førre veke skrive om Mandagsklubben, som er vekas høgdepunkt for brukarane. Norsk Forbund for Utviklingshemmede (NFU) reagerer krast på forslaget om avvikling av bustadene i Saghaugen og samling av gruppa i eit nytt stort bufellesskap på Haga.

Les også: Ber politikarane spara bufellesskap på Litlabø

I tysdagsavisa kan me lesa om bebuarane på Heimtun, bufellesskapet i Åkervikåsen. Dette er eit tilbod for dei som har den lågaste bustadevna og som treng aller mest oppfølging. Bebuarane er redde for kva som vil skje utan døgntilbodet Heimtun. Der får dei hjelp til å ta tak i livet. For utan vern er det lettare å hamna på «køyret», og det vil kosta kommunen mykje meir pengar enn å behalda tilbodet i Åkervikåsen, er den klare bodskapen frå bebuarane.

Tillitsvalte: – Heimtun trengst

At dette er nokre av tiltaka som er føreslege nedlagt er ikkje tilfeldig. Som tidlegare står også fritidsklubbane og MOT på lista. Det er avgrensa med tiltak som ikkje er lovpålagt. Dermed er det lite å velja mellom når ein skal gå laus med sparekniven. Ved å leggja ned Heimtun sparer ein på papiret inn 1,5 millionar kroner. I andre enden kan det vera ein høg pris. Lensmann Roald Raunholm, seier at tilbod som Probis, Maris og Heimtun gjev politiet ein annan kvardag.

Lensmannen om bufellesskapet: – Samfunnsviktig

Onsdag skal formannskapet leggja forslaget til budsjett ut til ettersyn. Veka etter blir det høyringar i komiteane. Me håpar og reknar med at i løpet av dei kommande dagane og vekene vil alle steinar bli snudd med tanke på å skjerma tilboda for dei aller svakaste. Viss ikkje er me redd for at prisen blir høg i neste omgang.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut