annonse

Satsar lokalt

BESØK:
BESØK: Ole Robert Reitan var torsdag i Sunnhordland. (Foto: OLE ALEXANDER SAUE)

  • Leiar

2017 har vore eit tøft år for Rema 1000. Matvarekjeda har måtte tola kraftig kritikk for endringar i sortiment og innføringa av appen Æ. Halvtårstala frå analysebyrået Nielsen viser at Rema 1000 sin marknadsandel har gått ned med 1,2 prosentpoeng til 23,7 prosent. Kiwi, som er det største butikkonseptet i NorgesGruppen, haler innpå med ein vekst på eitt prosentpoeng, og ligg no berre 2,6 prosentpoeng bak Rema.

Dette er bakteppet når adm.dir. i Rema 1000, Ole Robert Reitan reiser rundt til distrikta. I førre veke stod Sunnhordland for tur. Ifølgje Arild Remme, sjef for Rema region Vest, hadde Rema i vår region ein auke på rundt ti prosent så langt i år. Rekneskapstala for 2016 viste at av dei lokale Rema-butikkane, var det berre Rema 1000 på Fitjar og på Husnes som hadde omsetningsauke i forhold til 2015. Det kan skuldast auka konkurranse, men truleg også lågare lokal aktivitet.

Ole Robert Reitan sin strategi er å satse offensivt. I år skal butikkjeda opna 40 nye butikkar. Blant desse ny butikk i Sagvåg. Det er me glad for. I tillegg har fleirtalet av dei lokale butikkane fått anten nybygg eller eit betydeleg løft. For kundane er den tilspissa situasjonen i matvarebransjen positivt, så lenge kjedene ikkje blir freista til å ta snarvegar som går utover kvalitet og ein ikkje ønskt einsarting av utvalet. Til sist er det forbrukarane som avgjer kven som skal ha vinnarttrøya i bransjen. Det har utan tvil blitt tydelegare siste halve året.
 

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut