annonse

«Sjeldan er ein kontrakt så viktig som denne»

Storkontrakt
Storkontrakt: Jobben med Johan Castberg betyr mykje for heile regionen. (Foto: Statoil)

  • Leiar

Tidleg tysdag morgon kom gladmeldinga mange har venta på: Statoil valde Kværner som leverandør av modulane til plattformdekket til produksjonsskipet for Johan Castberg-feltet, i tillegg til samankopling og integrasjon av dekksmodulane med skroget. På topp vil arbeidsomfanget involvera om lag 2.000 tilsette i Kværner og underleverandørar. Verdien av kontrakten er om lag 3,8 milliardar kroner.

Stord og Sunnhordland er vane med opp- og nedturar for den største og viktigaste bedrifta i regionen. Kvar kontrakt blir feira, og alle er glade. Men denne gongen er det grunn til litt ekstra feiring. For det er sjeldan at ein kontrakt er så viktig som denne. Denne kontrakten fører nemleg til så mykje meir enn berre dei timane som her skal utførast.

Les også: Fronta-Tysa merkar effekten med éin gong

Dette er ein stor fabrikasjonskontrakt med stort sett berre norsk innhald. Fire verft langs kysten, frå Egersund i sør til Sandnessjøen i nord, skal levera modular. Dei største og mest avanserte skal byggjast på Stord, noko som får store ringverknader i lokalsamfunnet. Den store aktiviteten ved Kværner vil halda fram nokre år til, til starten av 2022. Dermed vil arbeidsløysa lokalt halda seg på eit minimumsnivå i mange år framover.

Men det som gjer gårsdagens kontraktstildeling ekstra positiv, er at dette utløyser ei storinvestering i infrastrukturen på Kjøtteinen. Utvidinga av kaianlegget viser at eigarane satsar på Stord som ein viktig stad også i åra framover. Dette gjer Kværner betre rusta for framtidige oppdrag, og nettopp difor var nok denne kontrakten den Kværner har håpa mest på. Me stiller oss i rekkja av gratulantar.

Les også: Sjefane i Wärtsilä og Leirvik AS jublar over Johan Castberg-kontrakten

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut