annonse

Slitesiger for Høgre

Jubel
Jubel: Liv Kari Eskeland glisa frå øyre til øyre på valkvelden. (Foto: Marius Knutsen)

  • Leiar

Det har vore nokre intense månader for Liv Kari Eskeland og Stord Høgre fram mot valet. Frå ein svært usikker plass som nummer seks på Hordaland Høgre si valliste, har Eskeland heile tida visst at det skulle mykje til for å komma på Stortinget. Som Sunnhordland skreiv tidlegare i valkampen, ville ikkje ein gong eit brakval for Høgre vera nok i seg sjølv. I tillegg trengde den tidlegare Stord-ordføraren anten vidare regjeringsmakt for Høgre, eller eit utjamningsmandat.

Det er difor ikkje rart at stemninga steig raskt, då dei første prognosane tikka inn måndag kveld. Ei stund såg det endåtil ut til at Liv Kari Eskeland ville bli direkte valt inn på Stortinget. Det blei ho ikkje, men som første vara for ei partigruppe på fem, der førstekandidaten held fram som statsminister, skal det mykje til for at politikaren frå Stord ikkje skal tilbringa det meste av dei neste fire åra på Løvebakken.

Dette er ein siger Eskeland har jobba hardt for. Fram mot valet har Høgre for alvor mobilisert i Sunnhordland, med ein samstemt og tydeleg bodskap: Ei røyst til Høgre er ei røyst til Liv Kari Eskeland, og dermed auka innflytelse for Sunnhordland som region. Tydeleg profilering, og ein medviten valkamp, ser no ut til å ha kasta av seg.

For anten folket har late seg begeistra av regjeringa sitt arbeid, eller det har vore ein slags Liv Kari-effekt her lokalt, er det ingen tvil om at dette har vore eit svært bra val for Høgre i Sunnhordland. Resultatet er at det frå hausten av sit to tidlegare Stord-ordførarar på Stortinget. Med det følgjer det også store forventningar, og det vil vera mange som håpar å bli høyrde i hovudstaden dei neste åra.

 
Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.