annonse

Sløvt av Skyss

Utskjelt
Utskjelt: «Det er ingen skam å snu, og viss ikkje Skyss gjer det, bør politikarane ta grep», skriv Sunnhordland på leiarplass. (Foto: Herborg Sørli / arkiv)

  • Leiar

Sjølv om det står i lova at skuleelevar i den vidaregåande skulen, som bur lenger vekke frå skulen enn seks km, har krav på gratis skulekyss, har nokre byråkratar i det fylkeskommunale transportselskapet Skyss vore i det kreative hjørnet og funne eit smutthol i lova. Det gjer at mange elevar som tidlegare har fått gratis busskort på skulen no sjølv må punga ut for Ungdomskort

Dette slår uheldig ut for elevar som bur i Sagvåg, i Rommetveit-området eller på Husnes. Her har Skyss gjort ei vurdering og funne ut at rutetilbodet i desse områda er så gode, at det kan gjerast unnatak frå hovudregelen, slik det lenge har vore for elevar som bur nær Leirvik. For dersom det er eit godt rutebusstilbod i området, kan ein søkja om dispensasjon frå reglane, og ungdommane må sjølv syta for å kjøpa ungdomskort, som kostar 365 kroner i månaden.

Det som gjer denne saka noko merkeleg er at elevar frå Stord, som går på Fitjar vgs., sjølv må betala for bussen, medan elevar som skal motsett veg får gratis buss. Og som mange av elevane sjølv seier: Dei nyttar aldri buss på fritida. Busstilbodet er nemleg bra på morgonen og ettermiddagen. Utanom desse tidspunkta går det sjeldan bussar. Det betyr at lova ikkje vert lik for alle: Nokon må betala buss til og frå skule sjølv, medan andre slepp.

Som om ikkje dette var nok: Skyss har i liten grad informert elevane som blir råka på førehand, noko dei også tek sjølvkritikk for. Dermed er det skulane som må ta jobben med å informera og svara elevar og foreldre. Sløvt av Skyss, og urettferdig overfor elevane som blir råka. Det er ingen skam å snu, og viss ikkje Skyss gjer det, bør politikarane ta grep.

Meiningar: «Me er reinska for busstransport»

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut