annonse

Slutt for biogass-planar

SLUTT
SLUTT: På ein pressekonferanse denne veka informerte SNG om at dei no gjev opp biogassanlegg på staden, etter massiv motstand i lokalsamfunnet. På biletet er Jan Kåre Pedersen og Magnar Aaland (til h.) (Foto: MARIUS KNUTSEN)

  • Leiar

Denne veka kalla Sunnhordland Naturgass AS (SNG) inn til pressekonferanse om biogassplanane i Grunnavågen i Sagvåg. Her informerte Jan Kåre Pedersen og Magnar Aaland om at dei no gjev opp biogassanlegg på staden, etter massiv motstand i lokalsamfunnet. Det var kravet frå Stord kommune om å utarbeida reguleringsplan for området som sette ein endeleg stoppar for prosjektet.

Mykje er sagt og skrive om SNG sine planar, etter at det i november i fjor vart kjend at selskapet hadde kjøpt næringseigedomen på Seglneset. I vinter kom støtta på rundt 40 millionar kroner frå Enova på plass, og dermed var finansieringa sikra. Biogass og -drivstoff er eit nasjonalt satsingsområde, og Enova er eit statleg selskap som har som mål å arbeida for omstilling til lågare utslepp. For å få dette til må næringslivet satsa på innovasjon og teknologiutvikling. Og ikkje minst, så må det leggjast til rette for at ein også kan tena pengar på slik omstilling. Difor har Enova støtta slike tiltak med til saman nærare to milliardar kroner siste året.

Det er beklageleg at det ikkje blir noko av planane. Her hadde Stord og Sunnhordland ein unik sjanse til å setja seg i førarsetet og bli blant dei første distrikta i landet som kan tilby ei miljøvennleg og lokal energikjelde for oppvarming og kollektivtransport. I tillegg ville det skapt mange arbeidsplassar. Men slik gjekk det ikkje. Rett og slett fordi det var feil stad for slik verksemd.

Pedersen og Aaland brukte store delar av pressekonferansen til å kritisera alt og alle rundt seg. Det var skivebom. Her har dei undervurdert motstanden frå naboane frå starten av. For kven ville ikkje protestert mot eit slikt anlegg i nabolaget sitt? At Stord kommune stiller krav om reguleringsplan for godkjenning av eit slikt anlegg er heller ikkje unaturleg. Difor må nok SNG-gjengen gå litt i seg sjølv og prøva å finna ut kva dei kunne gjort annleis i denne saka.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut