annonse

Slutt for mønsterbruk

Slutt
Slutt: Litlabø mottak blir nedlagt frå april neste år. (Foto: Henrik Mundal Andreassen)

  • Leiar

Torsdag i sist veke var Håkon Frode Særsten og leiinga var Litlabø mottak i møte med UDI region vest i Bergen for å laga ny årsplan for 2018. Måndag kom meldinga frå UDI sitt hovudkontor i Oslo: Mottaket for einslege, mindreårige asylsøkjarar skal leggjast ned etter første kvartal i 2018.

Meldinga kom som eit sjokk, både på mottaksleiaren og dei tilsette. Mottaket på Litlabø skårar nemleg høgt på dei aller fleste målingar, og vert rekna som eitt av dei beste i kvalitet. Men det hjelper lite når behovet stadig blir mindre, og UDI må kutta. På det meste vinteren 2015/2016 hadde UDI nærmare 40.000 plassar landet over. I år har asylsøkjarstraumen vore på det lågaste sidan 1990-talet, noko som gjer at det har blitt sagt opp ei rekkje avtalar i løpet av året. Sist ut er altså mottaket på Litlabø. Når det blir lagt ned er det berre 5.400 plassar att. I tillegg kjem ankomstsenteret i Østfold.

Det var naturleg nok ein del skeptiske i lokalsamfunnet då meldinga om at det tidlegare kurs- og aktivitetssenteret skulle husa mindreårige asylsøkjarar. Bortsett frå noko mindre problem, verkar det som om det har gått nærast knirkefritt. Mottaket har hatt godt samarbeid og dialog med naboane, og det lokalsamfunnet har teke godt imot dei mindreårige.

Difor er det også for oss utanforståande overraskande og trist at UDI seier opp avtalen. 19,5 statlege årsverk forsvinn, og 26 personar må ut og søkja på jobb. I tillegg må dei 31 bebuarane flytta til ein ny stad. Me saknar ei skikkeleg grunngjeving frå UDI, og håpar at lokale politikarar tek saka vidare – utan at me har noko tru på at avgjerda blir gjort om på.

Les også: Tone (32) må ut på nytt jobbsøk

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut