annonse

Spennande fotballhelg

Oppgjerets time
Oppgjerets time: Kan islandsk magi redda Stord? Laurdag møter trenar Jon Pall Palmason og innhenta målscorar Victor Segatta FK Haugesund 2 på bortebane. (Foto: Arkiv)

  • Leiar

Det går mot ei svært så spennande fotballhelg i sunnhordlandsfotballen. Stord kan redda plassen i siste serierunde dersom alt klaffar, Trott kan ta eit langt steg mot opprykk og det lovande J16-laget til Stord kan gå til NM-finale.

Det er nok Stord sitt a-lag som står føre den største utfordringa. Først skal Os sin protest mot Aalesund 2 behandlast ferdig (NFF avviste protesten i dag, red.merk.). Så må laget vinna mot eit anna lag som kjempar mot nedrykk, Haugesund 2. Dei spelar på bortebane, bør vinna med mange mål, samstundes som Brattvåg slår Os så mykje som mogeleg på bortebane. Me håpar at nedrykket blir avgjort på banen, og ikkje på eit kontor.

For Trott sin del er det berre opp til dei sjølv, og med den formen laget frå Nordbygdo har vist i haust, ser me slett ikkje bort frå at dei slår Tertnes i puljefinalen. Når det gjeld Stord sine jentespelarar, kan dei bli historiske ved å vera første lokale laget som går til ein NM-finale. Me veit kva som bur i laget, som i fjor vann Dana Cup, og som slo ut storfavoritt Viking i førre runde.

Fredagspraten: Sanne (16) kjempar om J16-finale

Ein kan seia mykje om omlegginga i seriesystemet og ein 3. divisjon med lange avstandar og der heile fire lag rykkjer ned frå kvar pulje. Det positive er at spenninga held seg heilt til slutt. Heile 20 av totalt 42 kampar i divisjonen landet rundt har noko å seia for opp- eller nedrykk. For ei avslutningshelg det blir.

Solid og Trio har alt rykt opp til 4. divisjon, og me sluttar oss til i rekkja av gratulantar. Utover det håpar me at det ikkje blir altfor mange lokaloppgjer neste år. Eit Sunnhordland med beste lag på nivå fem i norsk fotball vil vera synd. Difor heiar me både på Stord og Trott i helga, og me håpar at Stord-jentene vinn og går til finalen. Lukke til alle saman!

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut