annonse

Spennande satsing

Maraton
Maraton: Slik er løypene lagt opp. (Foto: )

  • Leiar

Alle byar med respekt for seg sjølv har eit maratonløp. Til og med ute på forblåste Møkster i havgapet på Austevoll har dei maratonløp. På Stord eller elles i Sunnhordland har det aldri vore arrangert noko slikt før. Difor er nysatsinga til friidrettsgruppa til Stord IL spennande, og noko som kan vera med å setja Stord på løpskartet.

Mange sunnhordlendlingar reiser vekk for å springa langløp – til Stavanger, Bergen eller Karmøy, eller til storbyar i utlandet. Men me håpar at lokale løparar stiller også når det blir maratonløp på heimebane. Eit maratonløp med start og mål midt i Leirvik sentrum, med løpstrasear ute i flott natur, er nokså unikt, og spennande. Her kan det også vera på sin plass å rosa Stord kommune, grunneigarar og andre samarbeidspartnerar som har satsa på desse flotte turvegane rundt Ådlandsvatnet og i Landåsen.

Eit maratonløp på 42,2 km er slett ikkje for alle. Difor vert det også lagt opp til to andre distansar, halvmaraton (21,1 km) og eit løp på ti kilometer. Særleg dette kortaste løpet kan kanskje vera eit mål for dei som ikkje er vane med å springa så langt, men som kanskje kan setja seg eit mål, og komma seg i trening. Arrangørane håpar nemleg at dette løpet kan fengja vanlege mosjonistar, og ikkje berre dei som er vane med å springa fort og deltek i konkurransar.

For nokre år sidan arrangerte Mediehuset Sunnhordland maratonturar ein gong i året. Desse var populære, og mange urøynde løparar vart med, anten på maraton, halvmaraton eller kortare distansar. Det håpar me skjer no også, at ein lokal løpsfest som denne kan vera med å gjera ein skilnad for folkehelsa. At fleire kjem seg opp av godstolen og i aktivitet. Dette er iallfall vårt tips til årets nyttårsforsett.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut