annonse

Strikk i veg

Strikkeklare
STRIKKEKLARE: Nina Lovise Langeland i Frivilligsentralen (t.v.) og Lise Nordfonn Angeltveit er klare til å strikka skjerf til dei som treng det. (Foto: Olav Røli)

  • Leiar

Eigar av Kvist & Kvast i Borggata, Lise Nordfonn Angeltveit, har teke seg garn over hovudet og handla inn over 100 kilo med oransje garn som ho no håpar å få selt. Handlinga skjer i samband med Kirkens Bymisjon sin oransje skjerf-aksjon, som har som mål å få folk over heile landet til å strikka oransje skjerf. Skjerfa skal leverast inn i slutten av oktober, og gå til dei som treng det fram mot jul.

For kvart garnnøste som vert kjøpt, går fem kroner direkte til Kirkens Bymisjon. Innehavaren av Kvist & Kvast synest også tiltaket er så godt at butikken betalar ein femmar per nøste direkte til aksjonen. Ho har alliert seg med Frivilligsentralen på Stord, og kommande helg arrangerer dei «strikk off», med mål om å få flest mogeleg med og støtta aksjonen.

Aksjonen til Kirkens Bymisjon var i 2012 ein Oslo-aktivitet, der det vart delt ut 300 skjerf. I 2015 var aksjonen landsdekkjande og det vart delt ut 3.500 skjerf. I fjor fekk dei inn over 10.000 skjerf. Dette var første året Kirkens Bymisjon aktivt gjekk ut og oppmoda folk om å strikka skjerf. «Gled ein som gruar seg til jul» er mottoet for aksjonen.

Engasjementet rundt aksjonen har eksplodert, og dei oransje skjerfa har nærast blitt ei rørsle som veks av seg sjølv, drivne fram av folket. Skjerfa må vera ferdige den 24. oktober og skal leverast til næraste Kirkens Bymisjon-avdeling. Me gler oss over engasjementet, deler ut ros til Lise N. Angeltveit og andre som bidreg, og ikkje minst oppmodar me flest mogeleg om å delta. Kirkens Bymisjon gjer ein viktig jobb for mange av dei som har hamna litt på sidelinja i samfunnet, og på Stord står organisasjonen blant anna bak «I Jobb», eit lågterskel arbeidstilbod for rusavhengige.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut