annonse

Tek fleire svindlarar

Inngang
Inngang: «Me er overtydd om at mørketala er store, og er glad for at ein no har betre verkemiddel til å avdekkja svindel.» (Foto: Henrik Mundal Andreassen)

  • Leiar

I førre veke skreiv me om ein mann som er dømd til 45 dagars fengsel etter at han i løpet av eitt år tok i mot over 180.000 kroner frå Nav som han ikkje hadde rett på. Mannen lét vera å føra opp timar han arbeida mens han fekk trygdeytingar frå Nav. Han er ikkje åleine.

I fjor blei det avdekt trygdesvindel for 29 millionar i Hordaland. Det er svindel av dagpengar og arbeidsavklaringspengar som toppar statistikken. Dei fleste sakene handlar om at ein har jobba og mottatt løn mens ein har fått ytinga. Totalt er 109 hordalendingar meldt for å ha svindla til saman 19,3 millionar kroner på denne måten. I heile landet blei i fjor 1.472 personar meldt for trygdesvindel for rekordhøge 302 millionar kroner.

Arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie meiner talet er urovekkjande, og varslar nye tiltak for å ta svindlarane. Dei som vel å gje feil opplysningar til Nav tek stor risiko for å bli tatt. Over halvparten av sakene i Hordaland i fjor er avdekte gjennom å samanlikna inntektsopplysningar med informasjon brukaren sjølv har gjeve til Nav. Etter at a-ordninga blei innført i 2015, må alle arbeidsgjevarar levera inntektsopplysningar for sine tilsette kvar månad. Dette har Nav tilgang til.

Trygdeytingane er velferdsgode som er særs viktige som inntektssikring når personar fell utanfor arbeidslivet i ein periode. Misbruk er grov økonomisk kriminalitet frå fellesskapet. Me er overtydd om at mørketala er store, og er glad for at ein no har betre verkemiddel til å avdekkja svindel.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut