annonse

Tek trollet i tunga

Netthets
Netthets: Forsking viser at dei aller fleste trolla ikkje er einslege sosiopatar. Dei er heilt vanlege folk, som har ein dårleg dag. (Foto: Colourbox, illustrasjon)

  • Leiar

Stordabuen Rebecca Cathrine Myhre Eikeland har fått nok. Ho har sett seg lei av folk som gløymer grunnleggjande mellommenneskelege reglar og respekt når dei kastar seg ut i kommentarfelta på internett. Innlegget hennar er flittig delt og likt. Ho har sett ord på noko som mange har kjent på også lokalt.

Nettroll er samlenamnet dei har fått. Folk som legg frå seg hemningane og kastar seg over tastaturet. Skriv utan omtanke for den som blir råka, og utan tanke på alle dei andre små og store der ute som mottar bodskapen. I kommentarfelta får dei gjennomgå. Dei som ønskjer seg moské, som vel å bruka hijab. Dei som har ein kjærast av same kjønn. Kanskje dei er for tynne, eller for tjukke, for rike eller for fattige.

Forskarar har undersøkt kven dei er, desse som spyr ut eder og galle på nett. Stanford University og Cornell University har utført eksperiment på 700 personar og har studert over 16,5 millionar kommentarar. Funnet deira er at dei aller fleste trolla ikkje er einslege sosiopatar. Dei er heilt vanlege folk, som har ein dårleg dag.

Funna gjev håp om at det Rebecca Cathrine Myhre Eikeland gjer har ein funksjon. Ho minner om reglane me har for borna. Korleis me vil at dei skal oppføra seg mot kvarandre, vera inkluderande og empatiske, og ber foreldra friska opp desse før ein sender ytringa ut på nettet der det blir ståande. Så er det klart at det skal vera rom for å vera ueinige i saker og politikk. Men debatt og mobbing er ikkje det same. Til sjuande og sist handlar det om å diskutera saka og ikkje personen, og å tenkja gjennom kva ein kan tilføra ordskiftet.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut