annonse

Til kamp mot sosial dumping

Offensiv
Offensiv: Fellesforbundet i Sunnhordland og Hardanger set i gang ein offensiv for å komma sosial dumping til livs. (Foto: Colourbox / illustrasjon)

  • Leiar

Fellesforbundet i Sunnhordland og Hardanger set i gang ein offensiv for å komma sosial dumping til livs. Dei skal ut og vitja byggjeplassar, og dei har invitert bedriftsleiarar, tillitsvalde, representantar for stats-etatane og politikarar til fellesmøte om temaet. Me håpar mange stiller opp, for det er mykje som kan tyda på at dette er eit problem, også lokalt.

Ein rapport om arbeidslivskriminalitet frå Samfunnsøkonomisk analyse er dyster lesing, melder NRK. Rapporten viser at det offentlege tapar 28 milliardar kroner årleg på den ulovlege verksemda. Døme på kriminalitet i arbeidslivet er svart arbeid, sosial dumping og ulike former for useriøse aktørar som ikkje leverer etter avtale.

Det er slett ikkje alltid LO og NHO er samde, men på akkurat dette feltet er dei samstemte. NHO foreslo nyleg fleire tiltak for å kjempe imot kriminaliteten. Dei utfordrar både eigne medlemmer og styresmaktene med ei rad tiltak. Blant anna oppfordrar dei eigne medlemmer til å sjekka at dei handlar med seriøse aktørar. Samtidig forventar NHO at styresmaktene aukar innsatsen ved slå ned på arbeidslivskriminalitet, auke tilsyn og lage ein slagplan mot svart arbeid i forbrukarmarknaden. NHO vil dessutan jobbe for å styrkje organiseringa av arbeidslivet.

Me har heldigvis eit rimeleg sunt og godt arbeidsliv i Norge, og eit mål på vegen for å hindra at arbeidslivskriminaliteten breier om seg er å auka organisasjonsgraden. Jo lågare organisasjonsgrad, jo større er innslaget av kriminalitet. I dag er 52 prosent av norske arbeidstakarar organiserte, og tendensen dei siste åra er fallande. I 1992 var 58 prosent av arbeidsstyrken fagorganiserte, viser tal frå OECD. Det er ein farleg tendens, som me håpar endrar seg framover.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut