annonse

Tilliten til politiet

Auka tillit
Auka tillit: Politiet opplever å ha større tillit frå innbyggjarane. (Foto: Henrik Mundal Andreassen / illustrasjon)

  • Leiar

Rundt åtte av ti nordmenn har svært stor eller ganske stor tillit til politiet, viser i fersk undersøking. Det er ein auke frå i fjor. Undersøkinga er gjennomført for politiet av Ipsos, som har stilt spørsmål til nesten 5.500 innbyggjarar, og dette er tiande året at undersøkinga blir gjennomført.

Lokalt er tala noko dårlegare enn på landsbasis, men både i Sør-Vest politidistrikt og Vest politidistrikt opplever ein at tilliten er aukande. I Sør-Vest politidistrikt, som strekkjer seg frå Sirdal i sør til Fitjar i nord, svarar 82 prosent at dei har tillit til politiet, medan 79 prosent i Vest politidistrikt seier det same. Her har blant anna fleire varslingssaker dei siste åra gjort at tilliten har fått seg ein aldri så liten knekk. Sjølv om politimeister Kaare Songstad seier at dei jobbar for å endra kulturen, så dukka det likevel opp ei ny varslingssak i førre veke. Så her har dei litt av kvart å jobba med framover.

Både justisministeren, politidirektøren og dei to lokale politimeistrane meiner tala i undersøkinga er gode, og det har dei rett i. Men no er me inne i endå ei ny reform, og politidistrikta har blitt større. Stadig kan me lesa artiklar i media om folk som klagar fordi politiet ikkje har rykt ut på hendingar. Difor er me spente på kva resultatet blir neste år. Meir sentralisering og større avstandar gjer at me tvilar på at resultata blir betre ved neste krossveg.

Men lokalt i Sunnhordland trur me ikkje det blir så store endringar. Lensmannskontora i både Stord og Kvinnherad har overlevd reformene og består framleis som eigne einingar. Det fører til at politiet er like mykje til stades her lokalt som før, og det er me særs glade for.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut