annonse

To sterke kvinner

Modige kvinner
Modige kvinner: Vibeke Grov (35, t.v.) frå Stord og Karina Haaland (26) frå Fitjar. (Foto: Henrik M. Andreassen / Marius Knutsen)

  • Leiar

I fredagsavisa kan du lesa to sterke historier, om to unge kvinner som har opplevd alvorleg sjukdom, men som har kjempa seg tilbake på kvart sitt vis.

Vibeke Grov (35) var aktiv på mange felt, og hadde planar om å bli lege. Men livet endra seg dramatisk for sjukepleiaren då ho som gravid tok svineinfluensavaksine i 2009. Ho vart alvorleg sjuk, og enda opp som uføretrygda. Situasjonen vart stadig verre, og det var så ille at det var like før den unge kvinna fekk heimesjukepleie der ho budde. Men så merka ho at varmare klima gjorde livet betre, og dermed flytta familien til Spania. I dag er alt mykje betre, og dei seinare åra har Grov byrja å skriva musikk. Søndag står ho på scenen for aller første gong, på Arena i kommunen ho vaks opp i.

Fredagspraten: Vibeke (35) frå Stord reiste seg frå sjukesenga og blei artist

For eit halvt år sidan reiste MS-sjuke Karina Haaland (26) til Russland for å ta ein stamcelle-operasjon. Den har endra livet hennar. Sunnhordland har tidlegare skrive om Haaland som valde å ta opp lån i banken då ho fekk avslag på eit stamcelleprogram på Haukeland universitetssjukehus. Operasjonen i Moskva kosta 500.000 kroner. Men etter eit initiativ frå dei næraste rundt henne, blei det samla inn heile 266.000 kroner øyremerkte operasjonen. Trass i tøffe dagar angrar ikkje Fitjar-kvinna på valet ho tok.

Les også: Karina (26) frå Fitjar fekk livet tilbake etter stamcelleoperasjon

To sterke historier, om to sterke kvinner, som kunne blitt ei stor belastning for helsevesenet i sine heimkommunar, men som ikkje gav opp, og som kjempa vidare. Me ønskjer begge to hell og lukke vidare i livet, og me håpar at historiene deira kan vera til hjelp og inspirasjon for andre, som kanskje er i ein vanskeleg livssituasjon, grunna sjukdom eller anna.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut