annonse

Treng fleire bøsseberarar

Tjuvstart
Tjuvstart: Ringjedugnaden i Stord rådhus torsdag førte til rekord. Her ser me Anne-Grete Sandtorv (f.v.), Gaute Epland og Hege Aas Vad. (Foto: Ingvild Siglen Berger)

  • Leiar

Kommande søndag 21. oktober er det tid for den årlege TV-aksjonen. Pengane går i år til Kirkens Bymisjon og deira arbeid for eit varmare og meir inkluderande samfunn. Og som vanleg, så manglar ein bøsseberarar i dei aller fleste kommunane i Sunnhordland.

Mange har meldt seg som bøsseberarar. For fleire er dette ein dugnad ein er med på kvart år. Men det er framleis behov for fleire i alle delar av kommunen. Me oppmodar difor om at fleire set av nokre timar på søndag til å vera med på årets viktigaste dugnad og finaste søndagstur, seier ordførar Gaute Straume Epland i ei presse- melding. Me håpar at det melder seg nok folk til å gå med bøssene, og dermed årets viktigaste søndagstur, også dette året.

Tradisjonen tru tjuvstarta eit knippe næringslivsaktørar og ordførarar TV-aksjonen med ein ringjedugnad til lokalt næringsliv i går. Dette resulterte i 170.000 kroner frå næringslivet på Stord, noko som er ny rekord. Eit flott initiativ, og rekorden tyder på at dette er eit populært formål.

Men alle kan ikkje gå med bøsser. Nokon må vera heime og putta pengar i bøssene også, eller vippsa. Erfaring har vist at når pengane går til organisasjonar som driv arbeid lokalt, så har det ein tendens til å komma inn meir. Kirkens Bymisjon har også ei avdeling på Stord, «I jobb». Som andre førebyggjande tiltak er dette noko som ofte er i faresona kvar gong politikarane skal spara pengar. Difor kan årets TV-aksjon få direkte følgjer for oss lokalt, og me vil oppmoda folk til å ta godt imot bøsseberarane, og gje så det monnar.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut