annonse

Treng meir realisme

Budsjett
Budsjett: «Truleg må det gjerast harde prioriteringar. Det er på ingen måte ei enkel oppgåve, men det er det me har politikarar til», skriv Sunnhordland på leiarplass. Gaute Epland (Ap, frå venstre), Lene Pilskog (Ap), Nils Magne Blålid (SV), Jakob Bjelland (Sp) og Torbjørn Brosvik (KrF). (Foto: Henrik Mundal Andreassen / arkiv)

  • Leiar

SJØLV MED EKSTRA inntekter på over 3,5 millionar kroner frå statsbudsjettet, må Stord kommune no ta grep for å nærma seg budsjettmålet for 2017. Neste veke skal fagkomiteane ta stilling til ei rekkje kuttforslag, som skal hindra at det budsjetterte overskotet blir veldig mykje mindre enn planlagt.

AT ÅRETS BUDSJETT blir vanskeleg å halda, bør ikkje komma som ei overrasking på nokon. Minst av alt kommunestyret, som vedtok det i fjor haust. Når ein i utgangspunktet legg opp til ei så stram drift at det ikkje er rom for uføresette utgifter, og samstundes legg inn diffuse innsparingar i millionklassen på drifta, skal det meir enn godt arbeid til for å komma i mål.

Les også: Stord kommune manglar millionar på 2017-budsjettet

SJØLV OM DET politiske fleirtalet i kommunen har lempa på sitt eige krav om at inntektene frå eigedomsskatten skal brukast til investering, er det framleis ikkje ein uttalt politikk frå fleirtalet å bruka desse pengane på generell drift. Det blir likevel konsekvensen, når det planlagde overskotet som skal setjast av til investeringar blir ete opp av drifta. Då budsjettet blei vedteke skreiv me at det var all mogeleg grunn til å ta høgde for ein solid budsjettsmell i 2017. Det er det i 2018 òg, om ikkje politikarane endrar strategi.

DET NYTTAR IKKJE å budsjettera med flaks. Skal ein framleis stå ved at overskotet frå eigedomsskatten skal brukast til investeringar, må driftsbudsjettet bli meir realistisk. Det vil innebera nedskjeringar og upopulære kutt, slik rådmannen gong etter gong har skissert. Truleg må det gjerast harde prioriteringar. Det er på ingen måte ei enkel oppgåve, men det er det me har politikarar til.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut