annonse

Truslar, hets og demokratiet

TRUSLAR PÅ RÅDHUSET
TRUSLAR PÅ RÅDHUSET: Nyleg vart det teke ut tiltale mot ein mann som har trua ordføraren i Stord og fleire kommunetilsette. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN/ILLUSTRASJON)

  • Leiar

Truslar og hets mot folkevalde blir stadig meir vanleg. Det er eit demokratisk problem som må takast på alvor. Dette er orda til KS når dei skriv om kva som er hovudtema i kommunalpolitisk toppmøte seinare i april.

I Stord er temaet høgaktuelt. Som Sunnhordland skriv i dag er det nyleg teke ut tiltale mot ein mann for å ha truga ordførar Gaute S. Epland og fleire andre kommunetilsette. Ein liten ringerunde til andre ordførarar og tidlegare ordførarar, viser at Epland ikkje er åleine lokalt om å få truslar. Både Bømlo-ordførar Odd Harald Hovland og tidlegare ordførar Liv Kari Eskeland har teke imot alvorlege truslar som er blitt meldt til politiet.

Det er ikkje vanskeleg å skjønna at møtet med ein kommune kan vera frustrerande og at ein kan føla seg liten og makteslaus. Det er også lett å skjønna at folk blir svært engasjert i debattar av saker som har direkte påverknad på deira liv. Men det skal og bør etter vårt syn vera klare grenser for kva som er eit akseptabelt ordskifte, og kva som ikkje er det.

Med kommentarfelt og sosiale medium har ein sett ei utvikling der enkelte opptrer i meir eller mindre fri dressur, og skriv ting som dei færraste hadde sagt til andre direkte. For den som mottar bodskapen blir orda enda sterkare og vanskelegare når dei er skrivne ned og lest og gjerne attpåtil likt av andre.

Styreleiar i KS, Gunn Margit Helgesen, fryktar at truslar og hets vil gjera at folk ikkje vil stå på politiske lister. KS skal i første omgang undersøkja omfanget. Neste steg å sjå på tiltak. Me meiner dette er eit viktig arbeid. Eit lokaldemokrati fungerer ikkje om folk vegrar for å engasjera seg og for å delta i det offentlege ordskifte.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut