annonse

Uforsvarleg skuleveg

Skummelt
Skummelt: Sunnhordland følgde i siste veke med Linneah Tallulah (8) Benjamin (11), Nicklas Nathaniel (5) og Oddny Katla på veg til skulen. Dei har førebels ikkje alternative vegar å ta for å komma seg fram. (Foto: Hilde Vormedal Nybø)

  • Leiar

I DAG skriv me om skuleborna Linneah Tallulah og Benjamin som går i vegbanen langs den sterkt trafikerte og svingete Langelandsvegen. Det er ikkje vanskeleg å forstå foreldra si uro når born har ein slik skuleveg. Det forstår også Stord kommune, og det har lege i dei vedtekne planane sidan 2004 at det skal byggjast fortau.

ETTER at Statens vegvesen ved årtusenskiftet stengde den nordre utkøyringa til E39 på Heiane, har trafikken på den svingete Langelandsvegen berre gått éin veg, rett opp. Men 17 år seinare er vegstandarden på strekninga stort sett den samme, og det framstår som berre flaks at det ikkje har skjedd ulukker.

DET ER ikkje få meter med veg som er planlagt på Stord dei siste tiåra. Det er ny E39, Stordpakken og Miljøgata, for å nemna nokre av dei største prosjekta. At prosjekta er så store, gjer at ting blir sett i ein samanheng og blir heilskapelege. Men det synest også å ha ein biverknad, nemleg at tida går. For innbyggarane framstår det som rart og uakseptabelt at strekningar, som dei 350 metrane på Langeland, med skrikande behov for betre sikring for gåande, ikkje blir forsert. Eit anna døme er det manglande fortauet i Sæ mot Kunnskapshuset. Også dette ei strekning som kvar dag er flittig brukt av mjuke trafikantar. For å ikkje snakka om Litlabøvegen.

Bakgrunn: Her susar bilane rett forbi når ungane går til skulen (+)

NO KAN det synast som om det kan bli ei løysing på Langeland, dersom prosjektet når opp i kampen om budsjettkronene i Stord i haust. Mens ein ventar på utbetring er det noko kvar og ein kan gjera. Når ein er ute i trafikken, tenk at det er dine born, søsken, foreldre eller besteforeldre som er ute og går langs vegen som mjuke trafikantar. Korleis ville du då ha køyrt? Ville du teke omsyn?

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut